Hopp til innhold

Meiner norsk drapsetterforsking er for dårleg

– Kvaliteten på norsk drapsetterforsking varierer sterkt frå eit politidistrikt til eit anna, seier Ivar Fahsing, forskar ved Politihøgskolen. Det finst ikkje noko nasjonal standard for kva kompetanse etterforskarar skal ha.

Jente funnet død på Sund

Politiet har fått sterk kritikk etter at dei la bort etterforskinga av dødsfallet til åtte år gamle Monika Sviglinskaja. Forskar ved Politihøgskolen, Ivar Fahsing, har samanlikna kompetansenivået mellom norske og britiske drapsetterforskarar. Han meiner Noreg no må sjå til Storbritannia.

Foto: Presttun, Remi Bøe / NTB scanpix

Åtte år gammel jente funnet død

SUND, 2011: Åtte år gamle Monika Sviglinskaja blei funnen omkommen i 2011. No har politiet arrestert ein mann, mistenkt for å ha drepe Monika.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / NTB scanpix

Det bør jo ikkje vere tilfeldig når politiet klarar å setje riktig ekspertise på riktig sak.

Ivar Fahsing, forskar ved Politihøgskolen

I 2011 blei litauiske Monika Sviglinskaja (8) funnen død i ein bustad på Steinsland i Sund kommune. Ni månadar seinare la politiet bort saka, og konkluderte med at det ikkje låg noko straffbart bak dødsfallet.

Måndag denne veka vart den tidlegare sambuaren til mor til Monika arrestert, mistenkt for drapet, nesten tre år etter at jenta blei funnen død. Politiet i Hordaland har både før og etter pågripinga fått sterk kritikk for ei slett etterforsking.

Forskar ved Politihøgskolen, Ivar Fahsing, har samanlikna kompetansenivået mellom norske og britiske drapsetterforskarar.

– Nokre etterforskarar gjer det like bra som dei engelske. Men dei fleste held ikkje same standard, seier Fahsing.

– Store skilnadar i kvaliteten på drapsetterforskinga

Problemet er at me i Noreg ikkje har ein felles standard for drapsetterforskarar, meiner Fahsing. Konsekvensen av det er at kvaliteten på etterforskinga kan variere sterkt frå eit politidistrikt til eit anna.

Ivar Fahsing.

– STORE SKILNADER: Forskar ved Politihøgskolen, Ivar Fahsing, har samanlikna kompetansenivået mellom norske og britiske drapsetterforskarar.

Foto: Politihøgskolen

LES OGSÅ: Ny rapport om politietterforskning skaper hodebry for Riksadvokaten

I doktorgradsavhandlinga si skriv Ivar Fahsing at me må sjå til Storbritannia, der det er etablert ein nasjonal standard for kva kompetanse den enkelte drapsetterforskar skal ha.

– Det engelske systemet har hatt nettopp dette som formål. Dei kvalitetssikrar både at den rette kompetansen finst i politiet, og at den rette kompetansen brukast på rett stad til rett tid, seier Fahsing.

Slike nasjonale standarar finst i dag innan oljebransjen, innan medisin og andre livsviktige fagdisiplinar. Difor meiner han det er på høg tid at også politiet innfører ein slik standard for drapsetterforsking.

– Det bør jo ikkje vere tilfeldig når politiet klarar å setje riktig ekspertise på riktig sak, seier Fahsing.

– Vil sjå mot Storbritannia

SER TIL STORBRITANNIA: Eg kjenner systemet som Fahsing viser til, og det er ein av dei tinga me kjem til å sjå nærmare på når me skal i gang med å utvikle norsk politi, seier Knut Smedsrud i Politidirektoratet.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Avdelingsdirektør i Politidirektoratet, Knut Smedsrud, innrømmer at kompetansen på drapsetterforsking i Norge varierer.

Han syner til eit omfattande reformprogram for norsk politi som er på veg og stadfestar at dei ser til Storbritannia.

– Storbritannia har komme veldig langt. Dei er kjent for å vere veldig gode på dette. Eg kjenner systemet som Fahsing viser til, og det er ein av dei tinga me kjem til å sjå nærmare på når me skal i gang med å utvikle norsk politi.

– Er det aktuelt å kopiere dette systemet?

– Eg vil ikkje forskotere det, men som sagt er det eit av eksempla me vil sjå nærmare på når me skal gå i gang med dette arbeidet.

LES OGSÅ: Den tidligere Kripos-sjefen vil at distriktene skal be om mindre Kripos-hjelp