Hopp til innhold

– Historiene om abortpress er ikkje unike

Stortingsrepresentant er ikkje i tvil: Mange norske kvinner har opplevd abortpress.

Laila Dåvøy

DET FINST FLEIRE: Stortingsrepresentant Laila Dåvøy frå Kristeleg folkeparti har snakka med mange som har følt at det var forventa at dei skulle ta abort.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

– Det er alt for mange som har kontakta meg, til at eg kan seia at eg fryktar at abortpress skjer. Det er ein heil del som har opplevd å verta oppfordra til abort på norske sjukehus, seier Laila Dåvøy som sitt på Stortinget for Kristeleg folkeparti.

Siri Fuglem Berg

OPPLEVDE PRESS: Siri Fuglem Berg opplevde at ho vart oppmoda om å ta abort.

Foto: Nina Ruud
Fekk tre dagar i lag med Evy Kristine

EVY KRISTINE: Siri Fuglem Berg saman med dottera. Evy Kristine var født med kromosomfeilen trisomi 18 og levde berre i tre dagar.

Foto: Privat

Fleire kvinner fortel til NRK.no at dei har opplevd å verta oppfordra til å ta abort, etter at det vart påvist avvik hjå fosteret.

Ei av dei er Siri Fuglem Berg, som sjølv er utdanna anestesilege. Ho seier ho fekk tilbod om å skriva under på abortpapira, utan å verta presentert for noko alternativ.

– Abort vart tatt som ei sjølvfølgje. Når me ikkje ønskte det, visste ikkje legen korleis me skulle følgjast opp. For, som han sa, alle tar jo abort, seier Fuglem Berg.

– Sårande

Anestesilegen opplevde at ho gong på gong måtte argumentera for valet om å bera fram barnet. Ho fortel at legane gav uttrykk for at dei ikkje kunne forstå valet hennar.

– Det var ganske sårande. Men som lege har eg jo vore ein del av det same miljøet og den same tankegangen sjølv. Så det er jo først etter at eg opplevde det sjølv at eg forstod at me bør verta meir opne og audmjuke som yrkesgruppe, seier Fuglem Berg.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Senterpartiet fryktar at det dreier seg om ein ukultur i helsevesenet.

– For mange opplever det same

Laila Dåvøy, som sitt på hordalandsbenken på Stortinget, fortel at ho har vorte kontakta av mange som har fortald liknande historier.

– Det har vore familiar og kvinner som har fått vita at barna har downs syndrom. Fleire fortel at dei har fått skjema om å søka abort, utan å få informasjon om kva det vil seia å få eit barn med downs, seier stortingsrepresentanten.

Ho fortel at fleire opplever at dei må søka informasjon, om korleis det er å ha barn med downs syndrom, på eiga hand.

– Dette gjeld sjølvsagt ikkje alle. Mange i helsevesenet er gode på å gje informasjon, men det er for mange som fortel liknande historier, seier Dåvøy som er kritisk til dagens abortlovgjeving.

Avviser ukultur

NRK.no har snakka med fleire legar som møter kvinner som har fått påvist genetiske avvik på fosteret. Ingen av dei kjenner seg att i at kvinner vert utsett for press.

– Me rår aldri kvinnene til å ta abort, seier seksjonsoverlege Synnøve Lian Johnsen ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus, som saman med Ullevaal har den nest største fødeavdelinga i landet.

Ho opplever at sjukehusa er opptekne av å gje omsorg til kvinnene uansett kva dei vel.

– At nokon føler det som eit press at det vert informert om eit mogeleg svangerskapsavbrot, kan nok skje. Men det skal ikkje vera noko press, seier Lian Johnsen.

– Skal ikkje vera slik

Statssekretær Nina Tangnæs Grønvold (Ap)

UAKSEPTABELT: Statssekretær Nina Tangnæs Grønvold er klar på at norske kvinner ikkje skal føla press til å ta abort.

Foto: Olaf Erlend Gundersen / NRK

– Det skal ikkje vera slik at kvinner føler seg pressa til abort, sa statssekretær Nina Tangnæs Grønvold, då ho fekk høyra om dei tre kvinnene NRK.no fortel om.

Statssekretæren er klar på at kvinnene og familiane skal få informasjon, men ikkje skal møta nokon form for press.

– Helsevesenet skal til ei kvar tid ha oppdatert kunnskap om ulike syndrom og sjukdommar som barn kan få. Kvinner som ber på eit foster med risiko for alvorlege sjukdommar eller syndrom skal få informasjon og rettleiing om kva alternativ dei har. Men dei skal sjølv få ta valet.

– Helsedepartementet kjenner ikkje til nokon systematisk ukultur på dette området, seier Tangnæs Grønvold.

Har utvida rettane

Statssekretæren meiner regjeringa har styrka rettane til barn med kromosomfeil, for at kvinner og familiar skal stå fritt til å velja det dei ønskjer.

– Helseministeren avgjort i januar at dei nye retningslinene for lindrande omsorg òg skal omfatta barn som i svangerskapet får påvist tilstandar med avgrensa leveutsikter. Dette legg ytterlegare til rette for dei gravide, seier Tangnæs Grønvold.