Hopp til innhold

Meiner Kommune-Noreg sløsar vekk enorme summar på dyr pensjon

Store aktørar varslar comeback i marknaden for kommunepensjon – og Konkurransetilsynet vil vurdera å tvinga norske kommunar til anbodsutsetjing. KS rasar mot forslaget.

Gjermund Nese, avdelingsdirektør Konkurransetilsynet

MILLIARDAR: Kvart år kjøper norske kommunar premiar for 40 milliardar kroner i marknaden for tenestepensjon. Konkurransetilsynets Gjermund Nese meiner manglande konkurranse gjer summen unødvendig høg.

Foto: Konkurransetilsynet

Pensjonsordningar blir av mange omtala som kommunens største innkjøp. Over 550 milliardar kroner blir forvalta i marknaden for offentleg tenestepensjon, og kommunar betalar årleg over 40 milliardar i premiar.

Men sidan 2013 har offentleg eigde Kommunal Landspensjonskasse (KLP) i praksis hatt monopol i marknaden. DNB og Storebrand trekte seg ut i 2012, mykje fordi norske kommunar ikkje sette pensjonen ut på anbod.

Det har gitt konsekvensar, meiner Konkurransetilsynet. I mange år har dei understreka trongen for konkurranse.

– Sjølv små prosentvise innsparingar i denne marknaden vil utgjera enorme summar, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.

Sedler og mynter

PENGAR I OMLØP: Meir enn 550 milliardar kroner blir forvalta i marknaden for kommunal tenestepensjon.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Håpar på boom når 109 kommunar blir 42

– Hovudårsaka var at me opplevde at det ikkje var reell konkurranse. Marginane blei så små at det ikkje var berekraftig å driva vidare, seier administrerande direktør i DNB Livsforsikring, Anders Skjævestad, om retretten i 2012.

Men no opnar DNB for å koma inn att i marknaden. Storebrand har allereie levert sine første tilbod. Ei av årsakene er innføringa av ny pensjon i det offentlege frå 2020.

Konkurransetilsynet trur òg dei mange kommunesamanslåingane frå 1. januar kan medverka til auka konkurranse.

Då skal 109 kommunar bli til 42 og nye pensjonsordningar skal signerast.

– Kommunesamanslåingane vil i seg sjølv gjera at det neste år kan bli mange, kanskje over tjue anbodsprosessar. Dei håpar me å levera tilbod på, seier direktør for offentleg pensjon i Storebrand, Jon Hippe.

Til liks med Konkurransetilsynet meiner Storebrand at det er store pengar å spara når ein tek utgangspunkt i at norske kommunar betalar rundt 40 milliardar i årlege premiar.

– Det er snakk om potensielle innsparingar i milliardklassen, estimerer Hippe.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) og varaordførar Tom Georg Indrevik (H) i Fjell koommune

NYE ØYGARDEN: 1. januar skal kommunane Fjell, Sund og Øygarden slåast saman til nye Øygarden kommune. Sitjande Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) stemte for KLP som ny pensjonsleverandør. Påtroppande Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) stemte for Storebrand, som leverte eit tilbod som var 7 millionar kroner billegare.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Storebrand vann på pris, kommunen valde KLP

I oktober vedtok fellesnemnda i Nye Øygarden kommune i Hordaland å inngå pensjonsordning med KLP. Ordninga hadde vore ute på anbod, og Storebrand kom med sitt første tilbod etter comebacket på kommunemarknaden.

Storebrand var 7 millionar kroner billegare over fire år, men KLP blei vald ut frå ei heilskapsvurdering. Kvalitet blei vektlagd i større grad enn pris, opplyser leiar i nemnda, Marianne Sandahl Bjorøy (Ap), til NRK.

– Me aksepterer at kommunen gjer dette valet, og at KLP vann denne runden. Men me registrerer òg at me er konkurransedyktige i denne marknaden og ser fram til å levera tilbod i andre rundar, seier Hippe.

Konsernsjef Sverre Thornes i KLP ser positivt på konkurransen.

– Konkurranse er sunt og KLP er godt førebudde. At Øygarden valde oss i konkurranse med Storebrand, viser at me har brukt tida godt og levert gode tenester til ein konkurransedyktig pris, seier konsernsjefen.

Jon Hippe, FAFO

DIREKTØR: Jon Hippe er direktør for offentleg pensjon i Storebrand.

Foto: TOM INGEBRIGTSEN / NRK

Nesten ingen kommunar lyste ut

Men ikkje alle gjer som den nystifta kommunen i havgapet.

Å setja ut pensjonsordninga på anbod kan sikra at norske kommunar får best moglege vilkår. Men samstundes er det svært ressurskrevjande for kommunane å skriva anbodsutlysingar på tenestepensjon. Ofte krevst det hjelp av eksterne konsulentar og mange årsverk i sving på rådhusa.

Difor var det eit fåtal av kommunane som faktisk lyste ut på anbod, også då det var fleire aktørar på marknaden, ifølgje ein rapport frå Konkurransetilsynet i 2010.

– Bør vurdere anbodsplikt

DNB meiner reglane for konkurranseutsetting må bli strengare.

– Berre det offentlege skal kjøpa inn blyantar, må det ut på anbod. Det forbausar meg at det same prinsippet ikkje gjeld for pensjon, seier administrerande direktør Anders Skjævestad i DNB Livsforsikring.

Konkurransetilsynet meiner også det no bør innførast anbodsplikt i den kommunale pensjonsmarknaden.

– Det er overraskande at ikkje kommunane lyser ut ordningane i større grad. Me meiner det bør vurderast å innførast ei anbodsplikt for å sikra konkurranse i denne veldig viktige marknaden, seier avdelingsdirektør Nese.

Helge Eide

KRITISK: Interessedirektør Helge Eide i KS er sterkt kritisk til å innføra ei anbodsplikt på kommunal tenestepensjon.

Foto: Kathrine Mørkved / NRK

KS: – Eit veldig inngripande forslag

Men i Kommunenes Sentralforbund (KS) fnyser interessedirektør Helge Eide av forslaget om anbodsplikt.

– Det er eit veldig inngripande forslag overfor kommunane. Me meiner òg det er i strid med grunnprinsippa i kommunelova om det kommunale sjølvstyret, seier Eide.

Kommunane kan sjølv vurdera om innsparingspotensialet er verd den kostnadstunge prosessen med konkurranseutsetjinga, meiner interesseorganisasjonen.

– Ei potensiell anbodsplikt vil bety at staten pålegg kommunane store transaksjonskostnader knytt til leveranse av ei stor teneste. Staten har ikkje innsikt i ulempene sett frå kommunane si side. Det er så urimeleg inngripande at ein slik tanke bør leggast vekk fortast mogleg, seier Eide.

Eide er heller ikkje med på blyantsamanlikninga til Skjævestad.

– Å skriva anbod på tenestepensjon er ikkje som å gå på butikken og kjøpa ein blyant. Det er langt meir krevjande enn som så. Det gjer at ein ikkje ønskjer å gjera dette hyppig, seier Eide til NRK.

Magnus Thue

STATSSEKRETÆR: Magnus Thue (H) i Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Marte Garmann

Heller ikkje Nærings- og fiskeridepartementet tar til orde for å vurdera ei slik ordning.

– Meir konkurranse i marknaden for tenestepensjon meiner me på generelt grunnlag er positivt. Det er likevel opp til den enkelte kommune å velja leverandør for si pensjonsordning, men dette må skje i tråd med reglane for offentlege innkjøp, skriv statssekretær Magnus Thue (H) i ein e-post.

Nytt forslag opnar for meir konkurranse

Finansdepartementet har nyleg hatt på høyring eit forslag som skal betra situasjonen.

Forslaget inneber at kommunar som flyttar pensjonsordningane sine, får med seg ein større del av gevinsten dei har tent opp hjå eitt forsikringsselskap, over til det nye selskapet.

Det håpar Konkurransetilsynet kan bidra til auka konkurranse (ekstern lenkje) i ein marknad dei meiner skrik etter konkurranse.

– Dette er eit steg i riktig retning, men det er viktig å presisera at det ikkje løyser utfordringa i marknaden. Kommunane må først og fremst nytta seg av moglegheita til å generera konkurranse ved å legga ordninga ut på anbod.

Også KS er positive.

– Det forslaget fører heilt klart til at den tidlegare hindringa ikkje lenger vil vega like tungt. Det vil gjera det litt mindre tungvint å setja i gang ein anbodsprosess, seier Eide.