NRK Meny
Normal

Meiner kampen for ferjefri E39 har øydelagt for E16

– Eg er uroa for at mykje av energien er brukt til luftslottet over Bjørnafjorden, seier Tom Skauge (SV).

Ras på E16 ved Stanghelle og Tom Skauge

E16 mellom Bergen og Voss er svært ras- og ulukkesutsett. Tom Skauge meiner kampen for ferjefri E39 gjer at bygging av ny E16 blir utsett.

Foto: Montasje

Debatten har gått for fullt etter E16 nok ein gong vart stengt av eit jordras denne veka. Dei veldige massane kom ned på nøyaktig same stad i Vaksdal som for snart to veker sidan, då eit passasjertog frå NSB med 40 personar om bord køyrde rett inn i raset.

Ras Vaksdal

NOK EIT RAS: Det rasa for andre gong på kort tid på E16 i Vaksdal.

Foto: Rikke Emilie Rusten/Helene Wiese-Hansen / NRK

Europavegen frå Bergen til Voss er svært ras- og ulukkesutsett og har fått tilnamnet «dødsvegen». Mange har fått nok etter dei store rasa dei siste vekene, og i går gjekk bergenspolitikarane ut å forlanga hastevedtak.

Meiner E39-kampen øydelegg

Men Tom Skauge i Sosialistisk Venstreparti meiner det politiske fleirtalet ikkje har vist nok interesse for å prioritera E16 mellom Bergen og Voss. Han meiner iveren for ferjefri E39 har vore med på å utsetje bygginga av ny E16.

– Eg meiner vårt fylkespolitiske organ burde vore mykje meir på hogget. Eg er uroa for at det er brukt så mykje energi på eit luftslott, seier Skauge og syner til den ferjefrie forbindelsen på E39 over Bjørnafjorden.

Fergefri E39 - Kart

MANGE KRYSSINGAR: Ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim.

Foto: Statens vegvesen

– I staden burde ein brukt tid på å sikre ein forbindelse austover, som også blir miljøvenleg sidan det går tog der.

Ingen hastevedtak

I går sa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) til NRK at det ikkje blir noko hastevedtak på E16.

– Vi har hatt to ulike ekspertgrupper som har to ulike anbefalingar. Når vi har så ulike syn frå fagfolk så er det viktig at vi set oss ned og gjer riktige val når vi skal investere fleire milliardar kroner.

Skauge er ikkje samd.

– No forventar eg at det blir gjort strakstiltak og at dei viktige planane for betre trasé kjem i første nasjonale transportplan, meiner han

– Tøffare i tonen

Dag Skansen og Thor Woldseth med brev til regjeringen

Thor Woldseth, varaordførar i Bergen (Frp).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Thor Woldseth (Frp) er varaordførar i Bergen og meiner eit tryggare E16 må gå føre alt – også ferjefri E39. Han vedgår at ein ikkje har vore tydelege nok i kravet om at den rasutsette vegen bør bli betre.

– Det ser slik ut. Vi har kanskje ikkje vore tøffe nok i tonen. Men denne gongen er vi det, og eg håpar det går heim.

– E16 bør prioriterast fordi det er eit rassikringstiltak. Her kan menneskeliv gå tapt. Vi ser fram til at gravemaskinene kjem og set i gang umiddelbart.

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit