Professor: – Statoil sine utanlandske anlegg kan aldri bli heilt trygge

Statoil vil aldri kunne love overlevande og andre at det er trygt å arbeide på anlegget In Aménas i Algerie, meiner professor. I føremiddag legg Statoil fram sin eigen interne granskingsrapport etter terroråtaket som kravde fem norske menneskeliv.

In Amenas

TERRORÅTAKET: 40 menneske mista livet i angrepet på In Amenas-anlegget i Algerie.

Foto: SCANPIX / Reuters

Ole Andreas Engen

PROFITT VS RISIKO: – Vi treng ein debatt om kor stor risiko ein skal ta ved utanlandsinvesteringar, meiner professor Ole Andreas Engen ved UiS.

Foto: Universitetet i Stavanger
– Ein kan aldri garantere for 100 prosent tryggleik når ein jobbar i ein type politisk ustabilt område. Det vil alltid vere hefta med uvisse, uansett kor god beredskap og risikoanalyse ein har.

Det meiner professor Ole Andreas Engen ved Senter for risikostyring og samfunnstryggleik ved Universitetet i Stavanger.

Åtte månader har gått sidan ei gruppe væpna islamistar angreip Statoil sitt gassanlegg i Algerie. 40 tilsette frå ei rekkje land vart drepne, blant dei fem nordmenn.

– Det var så mykje skyting. Eg trur at dei fleste av oss var nok heilt sikre på at vi kom til å bli drepne, fortalde Kolbjørn Kirkebø, ein av dei overlevande som kom heim til Norge.

Overlevende Algerie-angrepet

OVERLEVDE: Kolbjørn Kirkebø, Thure Ingebrigtsen og Bjarne Våge fortalde si historie på NRK. Fem av dei norske kollegaene kom aldri heim frå jobb i Algerie.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Saman med Thure Ingebrigtsen og Bjarne Våge fortalde Kirkebø historia frå dei skjønte at dei var under åtak – til dei var sikre på at dei ville overleve, i eit intervju med NRK i mars.

– Rapporten bør gi svar

Klokka 12 torsdag legg Statoil-leiinga fram konklusjonane ein ny granskingsrapport. Rapporten er Statoil sin eigen, men er skriven av eksterne granskarar.

Interne granskingar har alt påpeika ei rekkje feil ved tryggleiksarbeidet, ikkje berre i Algerie, men også i fleire andre risikoland, skriv Dagens Næringsliv.

Professoren ved Universitetet i Stavanger er spent på Statoil sine eigne konklusjonar.

– Det bør vere ein god rapport og den bør kunne gi ein god del svar, og ikkje minst ein høg grad av legitimitet med tanke på Statoil sin bruk av risiko- og landanalysar ved framtidige investeringar, seier han til NRK.no

Hadde ønska seg uavhengig rapport

Algerie er rekna som eit av dei mest risikable landa Statoil opererer i. Engen har klare krav til rapporten som skal vere med å gjenopprette tilliten til selskapet.

– Først og fremst må dei komme med ein grundig regjørelse om kva som skjedde, og ikkje minst kva som kanskje kunne gjort annleis. Det andre er at dei må kunne legitimere at dei faktisk gjennomfører gode risikoanalysar når dei etablerer seg i denne typen ustabile område.

– Er det Statoil som burde stå for denne rapporten?

– Når det har vore ei såpass alvorleg hending, bør ein ha ei mest mogleg uavhengig gransking. Det både Statoil og alle andre typar alvorlege hendingar. Eg trur nok det ville vore prinsipielt riktig at det hadde hatt ein meir uavhengig karakter, seier Engen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Utbombede biler like ved gassanlegget i In Amenas, Algerie

RESTANE: Utbomba bilar like ved gassanlegget i In Aménas då NRK var inne på området nokre veker etter åtaket.

Foto: LOUAFI LARBI / Reuters

Etterlyser debatt

Tryggleikseksperten etterlyser no ein open og offentleg debatt rundt kva menneskeleg risiko Statoil er villig til å ta.

– Statoil som selskap vil ha ein stadig større del av sine investeringar knytt til utlandet. Stadig fleire nordmenn vil kunne ha sin arbeidsplass i politisk risikofylte område. Den debatten må vi ta. Det vil vere risiko knytt til utanlandsinvesteringar. Det vil vere risiko knytt til anlegg av typen vi såg i In Amedas. Då må vi drøfte om vi er villige til å ta den risikoen, med tanke på profitten investeringane gir oss. Det er ein reell debatt. Og den bør vere open og offentleg.

Statoil: – Mykje er gjort

Statoil sitt hovedkontor på Forus utenfor Stavanger

HAR GJORT TILTAK: Statoil-leiinga seier mykje gjort for å betre tryggleiken etter Algerie-åtaket. Leiinga vil først kommentere den nye rapporten under framlegginga torsdag.

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

Statoil opplyser til NRK at det er gjort fleire endringar som følgje av terrorangrepet i Algerie. Selskapet vil ikkje seie om dei no vurderer å trekkje seg ut av enkelte land.

– Tryggleiken ved anlegga i utlandet vil bli grundig gjennomgått når den ekstere granskingsrapporten blir lagt fram klokka 12 i dag. Før den vil ikkje selskapet kommentere Engen sine spørsmål rundt tryggleiken ved verksemda i utlandet, seier informasjonsdirektør Jannik Lindbæk jr. til NRK.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.