Eriksen Søreide: - Ei trist historie, men dessverre ikkje unik

Opposisjonen på Stortinget meiner Forsvaret sviktar veteranane sine. Tidlegare soldat fekk aldri tilbakemelding på uromeldingar.

Meiner Forsvaret sviktar veteranane

BER FORSVARSMINISTEREN TA GREP: Leiar i forsvarskomiteen på Stortinget Ine Marie Eriksen Søreide frå Høgre og Gjermund Hagesæter frå Framstegspartiet ber forsvarsministeren om å sørgje for at Forsvaret og det sivile hjelpeapparatet tar betre hand om veteranane.

Foto: NRK / Privat

Hans Bjarne jobbar til dagleg som dykkar

HANS BJARNE: Forsvaret svarte aldri på uromeldinga etter at den tidlegare FN-soldaten fekk påvist hjernesvulst.

Hjernesvulsten til Hans Bjarne

HJERNESVULST: Den tidlegare FN-soldaten mistenker at svulsten kan stamma frå utenlandsteneste i Forsvaret på starten av 2000-talet.

Foto: Privat
– Det er ei trist historie, men dessverre ikkje unik, seier Ine Marie Eriksen Søreide frå Høgre. Leiaren i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget er opprørt over historia til den tidlegare utanlandssoldaten Hans Bjarne.

31-åringen som bur på Askøy i Hordaland fekk aldri svar på uromeldinga han sende til Forsvaret etter at han fekk påvist ein svulst på hjernen .

Svarte først då NRK tok kontakt

Han tok kontakt med Forsvaret fordi han frykta at plagene kunne stamma frå utanlandsoppdrag i Kosovo og Afghanistan. Han ville og ha innsyn i strålingsdata som vart registrert på ein målar han bar på seg då han tenestegjorde i Kosovo .

Legen meinte svulsten oppsto samtidig som 31-åringen tenestegjorde for FN i Kosovo og Afghanistan. Først då NRK tok kontakt med forsvaret etter halvanna år fekk den tidlegare soldaten svar frå Forsvaret.

Leiinga i Forsvarets sanitet omtalar behandlinga den tidlegare KFOR- og ISAF- soldaten fekk som ein alvorleg svikt .

Over 300 ventar på svar

Ine Marie Eriksen Søreide

LEIAR I FORSVARSKOMITEEN: Ine Marie Eriksen Søreide, Høgre.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix
Gjermund Hagesæter

STORTINGSREPRESENTANT: Gjermund Hagesæter, Frp.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Leiaren for forsvarskomiteen på Stortinget meiner forsvarsministeren må på bana for å styrka oppfølginga av veteranane.

– Me opplever stadig at veteranane møter veggen i kontakt med det sivile hjelpeappatet. Og i dette tilfellet var det jo forsvaret som ikkje gav ut informasjonen dei hadde om kva veteranen vart utsett for, meiner Ine Marie Eriksen Søreide med klar adresse til saka til Hans Bjarne.

Over 300 veteranar ventar i dag på å få saka si behandla av Statens Pensjonskasse. Veteranforeininga Sipos meiner mange av dei vert møtt av ein vegg av byråkrati .

– Departementet har ikkje gjort nok for å få raskare prosessar. Mange av dei det gjeld får livet på vent i påvente av ei avklaring på om dei får erstatning eller ikkje, seier komiteleiaren.


Var sjølv på FN-oppdrag

Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter frå Framstegspartiet har sjølv bakgrunn frå FN-teneste i Libanon på starten av 1980-talet. Han er kritisk til måten veteranane vert følgt opp på.

– Som samfunn tar me oss ikkje av veteranane i ettertid, meiner stortingsrepresentanten frå Hordaland.

Hagesæter som sjølv kjenner mange veteranar frå tida si i Forsvaret meiner forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen må stilla langt strengare krav til Forsvaret.

– Departementet må stilla langt større krav til Forsvaret når det gjeld å få sanninga på bordet. Ein må få ei klarare forståing for at det er ein kostnad med å senda unge menn og kvinner til krigsområde. Også i ettertid, meiner Hagesæter.

– Ikkje akseptabelt

Anne Grethe Strøm-Erichsen, helseminister (Ap)

FORSVARSMINISTER: Anne-Grete Strøm-Erichsen, Ap.

Foto: NRK

Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen frå Arbeidarpartiet ser alvorleg på at Kosovo-veteranen ikkje fekk svar frå Forsvaret.

– Det er ikkje akseptabelt at Forsvaret ikkje svarar, men det svarte jo og forsvaret i går, seier forsvarsministeren.

Ho meiner ho har gjort mykje for å betra situasjonen for veteranane.

– Frå eg vart forsvarsminister i 2005 har me gjort mykje for å betra ordningane til veteranane. Det var eit forsømt felt i mange år. Det har vorte betre anerkjenning, betre helsehjelp og betre erstatningsordningar, meiner Strøm-Erichsen.

– Men korleis har det seg då at mange må venta så lenge?

– Det er ikkje godt nok at mange skal venta lenge. Det kan skje feil, noko me absolutt ikkje ønskjer. Men i fjor forsterka me veterantenesta med 29 stillingar for at nettopp dette skal verta betre, seier forsvarministeren til NRK.no.