Hopp til innhold

Meiner ferjetilbodet blir rasert: – Vi pendlarar må ta støyten for miljøsatsinga

TYSNES (NRK): Noreg satsar stort på elferjer, men ladetida kan gi færre avgangar. På Tysnes rasar ordføraren mot det nye tilbodet, som kan bety slutten på pendlarlivet for Sigmund Hovland og kona.

Sigmund Hovland om elektriske ferjer

USIKKER: Fleire titals gamle ferjer (biletet) skal vekk, men dei nye må ladast ofte og då kan det bli færre avgangar. Med eit dårlegare ferjetilbod er Sigmund Hovland usikker på om han kan bu på Tysnes og samstundes behalda jobben på Stord.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

«Eg er ikkje god nok til å formulere meg til å forklare kor skuffa og sint eg er [ ...] og har no ein følelse av å bli heldt for narr», skriv Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H) i eit ferskt brev til fylkespolitikarane i Hordaland.

Politikarar og innbyggjarar i kommunen rasar no mot det nye ferjetilbodet i kommunen. Sigmund og Arnhild Hovland bur på Hodnanes på Tysnes og jobbar på Stord. For dei er ferja ein viktig del av vegen til og frå jobb.

Men no fryktar ekteparet at nye elektriske ferjer skal gjera det vanskeleg å koma seg til jobb.

Fleire titals ferjer i Noreg skal no bli elektriske som ein del av det grøne skiftet, og frå januar 2020 har Fjord1 over 30 elektriske ferjer i drift.

Men desse ferjene må ligga til kai for å lada mellom kvar tur. Dette kan nokre plassar føra til at ferjene går sjeldnare.

– I verste fall må eg vurdera om eg kan fortsetja i jobben, seier Arnhild Hovland.

MF Gloppefjord på veg til Anda ferjekai

HYBRIDFERJE: Ferja MF «Gloppefjord» seglar på sambandet Anda-Lote på E39.

Foto: Elise Kvien / NRK

Mistar minst to pendlarferjer

Dei 30 elektriske ferjene skal setjast i drift over heile landet, mellom anna i Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag.

For to år sidan la Skyss fram forslag til ruteplan for sambandet mellom Tysnes og Jektevik på Stord. Sidan då har politikarar og innbyggarar på Tysnes sagt klart ifrå om at planane ikkje er gode nok.

Tysnes-ordførar Kleppe fekk beskjed om at rutene skulle lagast i dialog med kommunen. Dermed trudde politikarane at dei til ein viss grad skulle få påverke både talet på avgangar og tidene.

Men i førre veke la Skyss på ny fram eit forslag til rutetider for dei to ferjesambanda til Tysnes.

  • Frå Hodnanes er det i dag ferjeavgangar klokka 06.15, 06.40, 07.00 og 07.45. Skyss føreslår at desse blir endra til 06.20, 07.00 og 08.00.
  • Frå Jektavik er endringa frå 06.25, 06.50 og 7.30 til 06.40 og 07.40.

Kommunen mistar då to pendlarferjer, og meiner endringane i rutetidene også gjer fleire av avgangane uaktuelle for pendlarar, om dei skal rekke jobb om morgonen eller henting i barnehage om ettermiddagen.

– Rutene er akkurat så ille som vi frykta. Det vil rasera ferjetilbodet i Tysnes, meiner Kleppe.

Han understrekar at endringar i rutetabellen også vil gå hardt utover arbeidspendlarar på sambandet mellom Våge på Tysnes og Halhjem på Os.

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H)

NEGATIVT: Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe meiner ruteforslaget som blir lagt fram av Skyss er veldig negativt for pendlarar over heile landet.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

– Komplisert logistikk

Skyss, som administrerer kollektivtrafikken i Hordaland, har ansvaret for å laga ruteplanane for ferjene til Fjord 1.

Direktør Målfrid Vik Sønstabø meiner dei har teke imot innspela frå kommunane, og at desse har vore viktige i arbeidet med ruteplanane.

– Det er ein komplisert logistikkoperasjon. Vi skal redusera utsleppa og få eit best mogleg rutetilbod. Men kommunane har ein reell påverknad i dialog med oss, seier Sønstabø.

Men både Hovland og Kleppe meiner dei har blitt lova ting som ikkje har blitt halde.

– Vi har ikkje blitt høyrt. Det verkar som at dei ikkje tek i mot signal, seier Hovland.

Skyss jobbar no med den endelege planen, og seier dei vil ta med seg innspela frå Tysnes.

Pendlarane tek støyten

– Ein kan oppnå klimamåla, og samstundes tilpassa rutetilboda til pendlarane på ein god måte, meiner Sigmund Hovland.

Både han og kona synest det er bra at klimaet står i fokus rundt innføring av elektriske ferjer.

– Men vi som pendlar opplever at vi no må ta støyten for miljøsatsinga. Det er på ein måte ei byrjing på at ein vil legga ned distrikta, seier Arnhild Hovland.