Hopp til innhold

Måtte svare for dårlege resultat

Lite pengar, sviktande billettsal og Norlings fyrste halvår som trenar for Brann var tema på Branns medlemsmøte i kveld.

Kasper Skaanes

SLIT MED DÅRLEGE RESULTAT OG ØKONOMI: På medlemsmøtet i dag blei det informert om at Brann ikkje kjem til å tilsetje ein sportssjef eller ein ekstern person til å ta over for Brann 2 trenar Helge Nilsen. Bildet er frå heimetapet mot Stabæk

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Brann-trenar Rikard Norling var fyrste mann ut på talarstolen på medlemsmøtet på Brann stadion i kveld. Norling summerte opp det fyrste halvåret som trenar for klubben.

Rikard Norling

TØFT HALVÅR: – Eg har opplevd veldig mykje støtte og kjærleik frå supporterane, sa Richard Norling på medlemsmøtet i dag.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Eg har opplevd veldig mykje støtte og kjærleik frå supporterane. Eg fortener det ikkje. Det seier kanskje meir om byen og klubben enn om meg, sa Norling til dei frammøte.

Det var knyta store forventningar til Norling då han overtok som trenar for klubben. Men, dei store resultata har latt vente på seg. Til trass for dette uttrykte Norling at han er optimistisk på vegner av klubben.

– Arbeidet ber frukter. Men med all respekt: Me må skjerpe oss. Det vert framleis sloppe inn for enkle mål, sa Norling til dei frammøtte ifølgje brann.no.

LES OGSÅ: – Norling har tatt tak - Hordaland

Ikkje pengar til å tilsetje fleire

Brann har i ei tid slite med låge inntekter. I ein rapport på Brann.no kjem det fram at Brann-konsernet har hatt lågare inntekter enn budsjettert, og at dei førebels i år har ein inntektssvikt på fem millionar kroner.

medlemsmøte brann

LEIA MØTET: Dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen, styreleiar Rolf Barmen og trenar Richard Norling.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Lite sal frå Brann-butikken og sviktande billettsal har gitt langt færre kroner i kassen enn det klubben kunne trenge. I rapporten skriv Brann at dei skal tole at inntektene går ned på grunn av sviktande billettsal, men kostnadane må ned.

Slik det ser ut no, er det ikkje rom for å tilsetje fleire, heiter det i rapporten.

På møtet i dag orienterte dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen om den økonomiske situasjonen i klubben.

Han stadfesta at Brann ikkje kjem til å fylle stillinga etter Brann 2 trenar Helge Nilsen, som skal ut i permisjon, med ein ekstern person.

Bruun–Hanssen stadfesta og at Brann ikkje vil tilsetje ein sportssjef, slik styret vedtok at dei skulle gjere i fjor, på grunn av den økonomiske situasjonen i klubben.

Mohn er framleis med

Dei som har støtta klubben som Hardball, Trond Mohn og Softball er framleis med, sa Bruun-Hanssen under møtet i dag. Det har tidlegare vore usikkert om Mohn vil bidra med meir pengar til klubben.

Han stadfesta at Mohn vil dekke inn tapet i Branns publikumsbudsjett.

– Me sette opp eit budsjett på 13.000 tilskodarar i snitt. Alt då avtala me med Trond Mohn at skulle det komme færre enn det, ville han dekke tapet. Det tryggingsnettet har me endå, sa Bruun-Hanssen.

Han meiner nedgangen i publikumstala kjem som eit resultat av det Brann til no har prestert. Men å setje ned prisane på alle billettane er ikkje eit verkemiddel Brann vil nytte seg av.

Sviktande oppmøte på kampane

Sogndal - Brann

INGEN JUBEL: Styreleiar i Brann, Rolf Barmen sa i dag på medlemsmøtet at talet på medlemmar på bli høgare dersom ein skal få fleire folk til å møte opp på kampane.

Foto: Rune Fossum

Brann har selt lite billettar til kampane, og fått kritikk for billettsystema.

Styreleiar Rolf Barmen informerte om kva Brann vil gjere for å få meir folk på kampane og lova å komme med løysingar som er betre enn dei i dag.

Klubben har ambisjonar om å auke talet på medlemmar i klubben kraftig. Barmen sa dei framleis jobbar med å finne løysingar på korleis ein skal trekke fleire medlem til klubben.

– Me lanserer ein kampanje for å få fleire medlem i løpet av sommaren, sa Barmen på møtet.

Han er sikker på at å auke medlemstala til klubben er det som skal til for å få fleire tilskodarar på kampane.