Hopp til innhold

– Namnet avslører rein dumskap

Sylfest Lomheim er ikkje nådig mot nyvinninga MediaCity Bergen. – Det er idiotisk å velja eit slikt namn på eit mediehus i Bergen, meiner professoren.

Lomheim reagerer på namnet på medieklynga

IDIOTISK: Sylfest Lomheim har ikkje mykje til overs for namnet Media City Bergen.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

– For å seia det slik: Eg hadde hatt større voner til marknadskreftene enn dette, seier Sylfest Lomheim, tidlegare direktør i Språkrådet, no professor i norsk ved Universitetet i Agder.

Språkmannen har ikkje mykje til overs for namnet dei bergenske mediebedriftene har gitt den planlagde medieklynga i byen: MediaCity Bergen .

Medieklynge Lars Hilles gate

STORT MEDIEHUS: Satsinga skal resultera i eit 45.000 kvadratmeter stort mediehus i Bergen sentrum.

Foto: Entra
Unni Arnøy

VALT I FELLESKAP: Namnet er valt av klynga i fellesskap for å løfta prosjektet opp på eit internasjonalt nivå, seier Unni Arnøy.

Foto: NRK
Gard Steiro

OPPTEKEN AV INNHALDET: Gard Steiro håpar diskusjonen vil handle om innhaldet i prosjektet, ikkje namnet.

Foto: Jan M. Lillebø / Jan M. Lillebø

TV 2, NRK Hordaland, Bergens Tidende, Bergensavisen, Universitetet i Bergen og selskapet Vizrt står bak satsinga, som skal resultera i eit 45.000 kvadratmeter stort mediehus i Bergen sentrum.

– Valet av namn avslører dessverre rein dumskap. Det er idiotisk å velja eit slikt namn for eit mediehus i Bergen, seier Lomheim til NRK.no.

Interessant prosjekt

For det første reagerer han på at namnet vert skrive på engelsk. Dessutan påpeiker han at orddelinga verken høyrer heime på norsk eller engelsk.

– Eg har i utgangspunktet følgd prosjektet i Bergen med stor interesse, og synst det er interessant at ein gjer dette på Vestlandet, men når ein vel eit slikt namn vert eg skeptisk, seier Lomheim.

"Bergen pressetun"

På nettsamfunnet Twitter har og namnevalet vorte diskutert. Fleire stiller spørsmål ved kor språkmedvitne redaksjonane i byen er.

@sveio: "Har @btno @BA_no @tv2norge @UiB og @nrkhordaland gløymt arbeidsspråket sitt? Eg som trudde det enno heitte BYEN e’ Bergen ... #mediacity"

@ErikFossen: "Mye forvirring nå, så jeg bare skjærer gjennom: Navnet #MediaCityBergen byttes ut med #BergenMedieby eller #MediebyBergen i løpet av våren."

@kottila: Hva med å skifte navn på byen til Berga City? Har både a-endelse og internasjonal schwung #Mediacitybergen #kidsa"

@olahm: Eg har eit alternativt namn til Media City Bergen. Kva med Bergen pressetun? #mediacitybergen"

Felles namneval

– Namnet er valt av klynga i fellesskap for å løfta prosjektet opp på eit internasjonalt nivå, seier Unni Arnøy, som er regionredaktør i NRK Hordaland.

Ho viser til at fleire liknande medieklynger i utlandet har liknande namn, mellom anna førebilete MediaCityUK i Manchester.

– Namnet skal visa at også medieklynga i Bergen er ein variant av det same konseptet, men eg forstår reaksjonane som kjem når ein vel eit engelsk namn, seier Arnøy.

Men burde ein ikkje vald ei norsk namn?

– Ideelt sett hadde det vore norsk, men ein ønskjer her å nå utover landegrensene, noko ein har tradisjon for i Bergen, seier Regionredaktøren.

– Ikkje overraska

Heller ikkje sjefsredaktøren i Bergens Tidende, ei anna av medieverksemdene i prosjektet, er overraska over at namnet har skapt debatt.

– At det kjem reaksjonar overraskar meg ikkje, men eg håpar jo at diskusjonen ikkje skal handla om namnet, men om innhaldet i prosjektet, seier Gard Steiro.

Han seier det til no er brukt lite energi på namnet.

– Eg har til no vore langt meir oppteken av kva dette bygget skal innehalda enn av namnet, seier Steiro.

– Godt namn for oss

I tillegg til dei tradisjonelle medieverksemdene er òg Universitetet i Bergen og det digitale produksjonsselskapet Vizrt med på medieklyngeprosjektet.

– For oss i Vizrt er det bra med eit namn som òg har ei meining internasjonalt, seier Fredrik Gunnestad, som er president i NEMEA Vizrt.

Han ser ikkje bort frå at namnet kan verta endra, men har sjølv ikkje noko behov for det.

– Eg kan ikkje hugsa at me har hatt nokon diskusjon rundt dette namnet, men det er eit namn me i Vizrt kan leva godt med, seier Gunnestad.

Rein dumskap

Sylfest Lomheim meiner at det engelske namnet ikkje kan forsvarast med at medieklynga har ambisjonar om å skape eit «internasjonalt leiande miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innafor mediefeltet», slik det heiter i pressemeldinga som vart sendt ut torsdag.

Han er overraska, og meiner namnet vitnar om at språk ikkje vert tatt på alvor.

– Nei, det er jo rein dumskap. Dette er jo eit mediehus som er til for Noreg, Bergen og Vestlandet, avsluttar norskprofessoren.

TV 2, NRK Hordaland, Bergens Tidende og Bergensavisen ønskjer alle å flytta inn i ei ny medieklynge i Lars Hilles gate i Bergen, som etter planen skal stå ferdig i 2016 eller 2017.

VIDEO: ENTRA EIENDOM