NRK Meny
Normal

Media Norge i motbør

Torsdag blei fusjonen mellom Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Aftenposten vedtatt. Men gleda kan bli kortvarig.

Allereie fredag morgon kan Media Norge få ei såkalla ubegrunna varsling frå Konkurransetilsynet. Heile prosjektet kan bli skrinlagt fordi det på sikt vil føra til ein vesentleg reduksjon i aviskonkurransen i Noreg.

Inngrip aktuelt

- Eg vil bli veldig overraska om ikkje Konkurransetilsynet set foten ned for dette prosjektet, seier konsernredaktør John Arne Markussen i Avishuset Dagbladet til NTB.

Konkurransetilsynet har i dag varsla at partane i Media Norge-fusjonen om at det kan bli aktuelt å gripa inn mot fusjonen. Varslinga inneber at tilsynet vil arbeida videre med saken.

- Dette er ikkje noko overrasking. Me ventar på resultatet, seier Einar Hålien, sjefredaktør i Bergens Tidende.

Einar Hålien
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Drama i Stavanger

Fædrelandsvennen og Bergens Tidende og Aftenposten sa torsdag eit klart ja til Media Norge.

Likevel hang fusjonen lenge i ein tynn tråd fordi situasjonen på generalforsamlinga i Stavanger Aftenblad var uavklart.

Stavanger Aftenblad brukte over fire timer før 77 prosent av de avgitte stemmene svarte ja til fusjonen.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.