Hopp til innhold

Med mamma som trenar vil Martin (25) bli Noregs beste gjennom tidene

TRENGEREID/LEIKVANG (NRK): Familien har betydd alt for friidrettskarrieren til Martin Roe (25). No finpussar tikjemparen forma før sitt første senior-VM saman med mamma og trenar Ingunn Jacobsen.

Ingunn Jacobsen og Martin Roe

TETT SAMARBEID: Ingunn Jacobsen diskuterer dagens trening med sonen Martin Roe. – Etter 20 år med mor og far som trenarar, så har eg blitt vand med det, seier Roe.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Du må ikkje gå rundt. Du må gå rett fram.

Mor og trenar Ingunn Jacobsen instruerer sonen Martin Roe under spydtrening i Leikvanghallen i Åsane.

Detaljane må sitja når Roe skal møta verdseliten i tikamp. Bergensaren er mellom dei som skal forsvara Noregs ære under VM i friidrett i London i august.

– VM blir det største eg har vore med på. Eg hadde aldri trudd at eg skulle koma dit i år, seier Roe, som hadde ein trøblete sesongstart.

Martin Roe

DISKOS: – Det er mi beste øving, iallfall når eg samanliknar meg med konkurrentane, seier Martin Roe under trening i Leikvanghallen.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Familien har betydd alt

At Martin Roe ein dag skulle konkurrera i verdstoppen i tikamp, var ikkje akkurat gitt. Det er mildt sagt ikkje det heilt store tikamp-miljøet der han kjem frå, den vesle bygda Trengereid heilt i utkanten av Bergen kommune.

Roe starta med tikamp som 14-15-åring.

– Han var god i så mykje forskjellig, så han hadde ikkje lyst til å spesialisera seg i éin grein, fortel mor Ingunn.

Støtta frå familien har vore heilt avgjerande for karrieren. Feriar har heile familien brukt på stemne langt vekke, ofte i utlandet.

– Familien har betydd alt, seier 25-åringen.

Tidlegare hadde han ikkje nokon bane eller hall i nærleiken av heimen sin. Det blei mange turar til Fana i løpet av ei veke.

– Då blei det fort halvannan time køyring om dagen. Det er nok ikkje alle foreldre som ville gjort det. Det dei gjer, er utruleg stort, seier Martin Roe om foreldra.

Familien Roe Jacobsen

FRIIDRETTSFAMILIE: Pappa Geir Roe (f.v.) har også vore trenar i Martin sitt idrettslag, IL Fri frå Arna. Søster Matilde kastar diskos.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Kunne ikkje tenkt meg noko anna

Meisterskapet i London blir slik sett ei løn til heile familien etter mange års hardt arbeid.

– Etter 20 år med mor og far som trenarar, så har eg blitt vand med det. Eg kunne ikkje tenkt meg noko anna. Familien gir deg hjelpa og støtta du treng, og er alltid der for deg, seier 25-åringen.

Mamma Ingunn ser ikkje på «trenarjobben» som noko offer. Tvert imot.

– Heile familien har fått vera mykje saman, påpeiker ho.

Ingunn Gatland Jacobsen

TRENAR: Mamma Ingunn Jacobsen føler på ingen måte det har vore noko offer å følgja sonen på tikampstemne over heile verda. – Heile familien har fått vera mykje saman, påpeiker ho.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Vil slå noregsrekorden

Det er mora som held styr på medaljane. I gamle isboksar i huset på Trengereid ligg totalt 67 frå ungdomsmeisterskap.

Pokalene til Martin Roe

MANGE POKALAR: Martin Roe (25) har i fleire år vore suveren i Noreg, men får det tøffare i VM i London.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Roe har i lang tid vore suveren i nasjonal samanheng, men er forsiktig med målet for VM, der han har den 21. beste poengsummen av deltakarane i år.

Men 25-åringen fortel at han alltid har noregsrekorden til Benjamin Jensen i bakhovudet.

– Om ting går etter planen, så ryk den under VM.

Noregsrekorden er 8160 poeng. Roe var 16 poeng ifrå då han tok VM-kravet. Det utgjer litt under ein meter i diskos.

– Det er mi beste øving, iallfall når eg samanliknar meg med konkurrentane. Om eg er i form på diskosen, så er eg oppe blant dei tre-fire beste, iallfall, seier Roe.

Og då kan han også bli Noregs beste tikjempar gjennom tidene. Tikampen startar med 100-meter fredag 11. august, og avsluttast med 1500-meter kvelden etterpå.