Hopp til innhold

MC-førar til sjukehus

Naudetatane er framme ved Hopstunnelen der ein motorsyklist har kollidert med ein lastebil. Politiet skriv på Twitter at MC-føraren var aleine på sykkelen. Skadeomfanget er ukjent, men føraren er bevisst. Vedkommande skal ha nemnt smerter i rygg. Føraren blir tatt med i ambulanse til Haukeland sjukehus.