Hopp til innhold

Ber jegerane om hjelp i kampen mot dødeleg dyresjukdom

Hjortejakta er i gong. Mattilsynet oppmodar jegerar over heile landet til å melda frå om dei kjem over den dødelege dyresjukdomen CWD.

Kronhjort hjort bukk frønningen

TRENG IKKJE SKYTA: Om hjortedyret har symptom på skrantesjuke, skal du melda frå til Mattilsynet om kvar du har sett det. Dyret vil dermed bli spora opp og teken hand om av Mattilsynet og Statens naturoppsyn.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Sjå etter unormal åtferd, avmagring, sikling og ukoordinert rørsle. Det er også rapportert at dyra urinerer, skit og drikk mykje, er beskjeden frå eit uroa tilsyn.

Denne veka melde Veterinærinstituttet ifrå om at eit fjerde tilfelle av dyresjukdommen CWD er påvist i Noreg.

Det er sett i gong omfattande gransking av reinsdyr og andre hjortedyr i Sør-Noreg etter dei alarmerande meldingane.

Ber jegerane om hjelp

Og torsdag starta hjortejaktsesongen. No ber Mattilsynet om hjelp frå deg som skal ut på jakt.

Om du legg merke til nokre av symptoma på skrantesjuke, skal du melda frå til nærmaste Mattilsynet-kontor.

Dei samarbeider no med kommunal viltforvaltning, Statens naturoppsyn (SNO) og Institutt for naturforvaltning med å få meldinga ut til alle jegerar.

CWD rein Lærdal

HJERNETEST: Mattilsynet testa hjernestammen i hovudet for bekrefta eller avkrefta den dødelege sjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD), også kalla skrantesjuke.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Dødeleg

Chronic Wasting Disease (CWD), eller skrantesjuke, er ein smittsam prion-sjukdom. Kroppen dannar deformerte protein som hopar seg opp i hjernen og fører til celledød.

Frå før er sjukdommen berre kjent frå USA og Canada. Om eit hjortedyr er mistenkt for å vera smitta av skrantesjuke her i Noreg, tek Mattilsynet saka vidare med SNO.

– Då må me prøva å spora opp det mistenkte dyret, og få det skutt og undersøkt, fortel Oftedal.

Bjarte Erstad, fylkesleiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund fortel at alle jegerar må vera flinke til å melda frå om dei legg merke til symptom.

– Mattilsynet skal testa hjernestammen i hovudet på dyra, slik at me får bekrefta eller avkrefta sjukdomen, seier Erstad.

Liten risiko for smitte

Arne Oftedal er avdelingssjef for Hardanger og Sunnhordland i Mattilsynet. Han seier erfaringar frå USA tyder på at sjukdommen rammar dyra, og ikkje menneske.

– Det er ingen grunn til å tru at skrantesjuke kan smitta over til menneske.

Men for å vera på den sikre sida, kjem ikkje Mattilsynet til godkjenna at kjøt som testar positivt skal etast.

Nye analysar frå Veterinærinstituttet viser at det potensielt kan vera to typar skrantesjuke i Noreg.

Arne Oftedal Mattilsynet

Avdelingssjef for Hardanger og Sunnhordland i Mattilsynet, Arne Oftedal.

Foto: Mattilsynet

Omfattande hjernetest

Mattilsynet og Miljødirektoratet planlegg å testa om lag 15.000 hjortedyr for skrantesjuke i 2016.

Aldri før har det vore gjennomført ei så omfattande testing for sjukdom på norske hjortedyr.

Kvinnherad kommune står på testlista til Hordaland, og jegerane vert pålagde å senda hovud av skotne hjort til testing.

– Me ønsker at alle hjort som er født i 2015 og bakover vert testa, seier Oftedal i Mattilsynet.

Jegerane skal levera hovuda inn på oppsamlingsstader i testkommunane.

– Herifrå blir hovuda sendt til ein prøvetakingsplass der Mattilsynet sitt personale vil vera og ta ut prøvar.

Hjerne fra hjortedyr med CWD

SEND HOVUD TIL SJEKK: Mattilsynet og Miljødirektoratet planlegg å testa om lag 15.000 hjortedyr for skrantesjuke i 2016. Jegerane i testkommunane vert pålagde å senda hovud av skotne hjort til test

Foto: Sylvie Lafond Benestad/Veterinærinstituttet