NRK Meny
Normal

Mattilsynet: - Skyt fugl som pinast

Mattilsynet oppmodar folk til å ta livet av sjøfugl som lid i oljesølet på Fedje.

Hundrevis av sjøfugl er observert døande med olje i fjærdrakta uten at nokon har tatt affære.

Innbyggjarar på Fedje har sett fuglar heilt utan orienteringssans vakle rundt på land og fly på linjer, tydeleg prega av tilsølinga.

Skal ikkje liggje der og lide

Veterinær Arve Viken i Mattilsynet i Nordhordland seier folk har både rett og plikt etter dyrevernlova til å drepe fugl som pinast i olje.

Det gjeld sjølv om det dreier seg om freda og truga dyreartar.

- Dei skal ikkje liggje der og lide meir enn naudsynt. Mange av druknar rimeleg fort, men kjem ein over slike dyr, må ein anten hjelpe eller avlive dei, seier Viken.

Noko organisert vasking av fugl har ikkje kome på plass på Fedje enno. Dessutan skal det berre mindre oljemengder til for at fuglar har best av å bli avliva, ifølgje Viken.

Mattilsynet ber folk om å ta affære sjølv eller rapportere om fuglelidingane til dei. Tilsynet har også kontakta småviltjegarar på Fedje.

Vikeb meiner feiingane kan stola på eige skjønn med omsyn til kva fuglar som bør avlivast - og det spelar inga rolle om fugleartane er totalfreda eller raudlista, dei skal ikkje lide ein pinefull oljedød.

Galt å skyte fugl

- Det vert galt å skyte fugl som er oljeskada. Lyden av skota kan skremme fugl som ikkje er skada inn i oljesølet, seier biolog Karen Tvedt.

Saman med fleire andre står ho klar til å byrje å vaske oljeskadda fugl.

- Vi samarbeider med Kystverket og dei har bedt oss vente til vêret vert betre, seier Tvedt.

Det kan mellom anna bli aktuelt å frakte fugl til Bergen for å vaske og stelle den der.

- Ynskjer ingen masseskyting

Veterinær Viken i Mattilsynet i Nordhordland ynskjer heller ingen masseskyting av fugl.

- Dersom ein avliver ein fugl ved skyting og samstundes skremmer 50 til å fly inn i eit nytt oljeflak, vil slike aksjoner verke mot sin hensikt og påføre mange fleire fuglar lidingar.

- Dette vil være i direkte strid med Dyrevernlova. Uvettig båtkøyring inn i fugleflokkar kan ha ein liknande uheldig effekt, seier Viken.

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.