NRK Meny
Normal

Måtte stenge brua over Vågen

Brua som er laga av studentar ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen er stengt, under eit døgn etter at det vart halde opning. Brua skal ha fått slagside, og det vert vakthald ved brua laurdag.

Vakthald ved bru

MÅTTE STENGE: Mange ville prøve brua som er laga av studentar frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen, men under eit døgn etter opning er brua stengt.

Foto: 03030-tipsar

Brukar stroppar på brua

STROPPAR: Brua er stengt, og skal sikrast med stroppar. Det er også vakthald ved brua.

Foto: 03030-tipsar

– Der var det ein del ordensforstyrringar i natta som var, og me har hatt dialog med kommunen sin vaktsentral når det gjeld vakthald der, seier Preben Wallestad som operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK.

– Då avtalte me at dei måtte stille frå 20.00 laurdag og ha vakthald der, seier han.

Brua går over Vågen mellom Bryggen og Zachen, og mange har prøvd brua etter opninga fredag ettermiddag.

Måtte stenge

Stengte brua over Vågen

STENGT: Politiet har stengt brua som vart bygd av studentar ved Kunst- og Designhøyskolen i Bergen.

Foto: 03030-tipsar

Brannvesenet, politiet, og prosjektansvarleg for brua var laurdag ettermiddag ved Vågen for å vurdere kva som burde gjerast.

– Det såg ut til at brua hadde fått slagside, men det er opplyst at brua iallfall skal stå til måndag, og at den kan sikrast med stroppar, seier Wallestad til NRK.

– Me har hatt vurderingar der nede, og me har konkludert med at det skal vera kontinuerleg vakthald der nede, slik at ingen kan krysse brua, legg han til.

Vakthald heile helga

Politiet opplyser om at Bergen havnevesen også vart orienterast om saka.

– Me har bedt Bergen havnevesen om å sikre området, og ein inspektør var på veg klokka 14.25 for å vurdere kva som skal gjerast, seier Frode Kolltveit som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK klokka 15.10.

Politiet har sett opp sperreband i begge endar av brua, og vektarar har frå klokka 16.20 tatt hand om vakthaldet ved brua.

– Me har ikkje trua på at sperrebanda held, for det har vist seg før, seier Frode Kolltveit til NRK klokka 18.00.

Det skal vera kontinuerleg vakthald ved brua fram til og måndag morgon.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2