Hopp til innhold

– Tragisk om brannen er påtent

Fredag blei hotellbygget til Jenfrid Stellberg godkjent som asylmottak, i natt måtte ho stå og sjå på medan store deler av bygget brann til grunnen.

Jenfrid Stellberg, eigar av Lune Huler hotell
Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det var enormt trist å kome til hotellet i natt og sjå flammane. På same tid er eg glad for at ingen blei skadde i brannen, seier eigar av hotell Lune Huler i Lindås, Jenfrid Stellberg.

Fredag blei det avklart at eit hotellbygningen ho eig skulle gjerast om til eit asylmottak for 40 einslege mindreårige i januar. Like etter klokka to i natt sto restaurantdelen av bygget i full fyr.

Håpar det ikkje er påtent

Politiet har sett i gong etterforsking, og ser ikkje vekk ifrå at brannen kan vere påtent. Lensmannen i Lindås meiner mellom anna at tidspunktet for brannen er svært spesielt.

– Eg har ikkje mottatt truslar eller negative beskjedar etter at det blei kjent at vi skulle opne asylmottak. Tvert i mot har folk vore veldig positive, seier Stellberg.

Ho fortel at ho ikkje kjem til å legge planane om asylmottak for mindreårige på hylla.

– Nei, her er det berre å brette opp ermene og begynne på nytt, seier Stellberg.

Lune Huler hotell totalskadd i brann

TOTALSKADD: Store deler av Jenfrid Stellberg sin hotellbygning er jamna med jorda etter brannen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eg har ikkje ord

Astrid Aarhus Byrknes på asylmottaksbrannen i Lindås

VAR VED BRANNEN: Ordførar i Lindås Astrid Aarhus Byrknes fortel om sterke kjensler under brannen i Lindås i natt.

Foto: Oddbjørn Rosnes / NRK

– Eg fekk beskjed om brannen i natt, og tenkte umiddelbart at dette var grufullt trist, fortel ordføraren i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes.

Ordføraren var på brannåstaden i natt.

– Bygningen sto i full fyr. Eg har ikkje ord. Det var veldig sterke kjensler. Dersom denne brannen er påtent er det rett og slett tragisk at noko slikt kan skje i våre bygder, fortel Byrknes.

Førebels er brannårsaka ukjent, og ordføraren meiner det er viktig å få fakta på bordet før ein drar konklusjonar.

Ikkje motstand mot mottaket

Heller ikkje Byrknes har opplevd sterke negative reaksjonar mot planane om asylmottak.

– Nei. Vi fekk først vite dette for ein månad sidan, og sidan då har det vore eit innlegg i avisa. Dei fleste har vore positive, til eksempel har fleire lag og organisasjonar meldt ifrå til kommunen at dei ønskjer å hjelpe til, fortel ordføraren.