Hopp til innhold

Måtte på med dykkardrakta for å redde campingvogna

VOSS (NRK): Campingvogna til Trond Sørgård vart fylt med vatn til kjøkkenbenken. – Alt var kaos der inne.

Trond Sørgård redder innbo frå campingvogna si på Voss

DYKKARUTSTYR: Trond måtte i går kveld på med våtdrakta for å redde ut det viktigaste frå campingvogna si.

Foto: Privat

– Alt flyt der inne, det ser ikkje ut, seier Trond Sørgård og ristar på hovudet.

Han ser utover campingplassen ved Vangsvatnet på Voss. Vogner og spikartelt ligg og duppar i vatnet, som kom langt inn på land då desemberflaumen råka kommunen i går.

Bølgeskvulpet som Trond er van med å høyra nokre titals meter frå campingområdet, kan han no høyra inne i vogna si.

Slik såg det ut på campingplassen måndag føremiddag:

Slik ser det ut på Voss Camping dagen etter desemberflaumen i Hordaland.

DUPPAR I VATNET: Slik ser det ut på Voss camping dagen etter flaumtoppen. FOTO: Oddgeir Øystese

Tok på seg dykkarutstyr

For andre år på rad opplever campinggjestene at Vangsvatnet går langt over sine breidder. På varslingslampene hjå NVE lyste det raudt i går kveld. Målingane deira syner at ein 50-årsflaum råka Voss og Odda denne helga.

Sørgård, som er busett i Nordhordland, seier han hadde ein tung dag i går. Han kom seg til Voss så fort det var råd, då han skjønte at marerittet på nytt var i gong ved campingplassen.

– Eg suste til Voss, men det var allereie for seint. Eg har berre brukt krefter på å redde innbu. Inne i vogna står vatnet til kjøkkenbenken. Kaos, skildrar Sørgård.

Han måtte på med våtdrakta for å komme seg inn i vogna for å redde det viktigaste. Han fekk berga ein TV og ein DVD-spelar, samt noko kjøkkenutstyr, skriv avisa Nordhordland, som omtala saka først.

Vurderer om han kjem tilbake

Sørgård rosar dei andre på campinga som stod på då vatnet flauma som verst i går. På grunn av juleferien var det ikkje alle som eig vogn på campinga som var til stades.

– Dei som var her i går gjorde ein vanvettig innsats for å redde vognene. Eg er sikker på dei har redda verdiar for millionar. Det har vore slitsamt for dei, seier Sørgård.

Han vil no vurdera om det er lurt å ha ei vogn ved Voss camping, etter å ha opplevd flaum to år på rad.

– Ein blir litt motlaus. Eg syns Voss sentrum skal ha ein campingplass, men det går ikkje an å halde på slik kvart år. Eg trur det er mange som går i tenkeboksen no, avsluttar Sørgård.

Flom på campingplassen på Voss

Vangsvatnet står måndag over ein meter over sitt vanlege nivå.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Vatnet trekk seg tilbake

Vangsvatnet var på sitt høgaste i 4-5-tida i natt, på 48,84 moh., skriv kommunen i ei pressemelding. Vanleg høgde er 47 moh.

Dei siste timane har det gått noko tilbake. Kommunen hadde rundt 40 personar i arbeid søndag, i tillegg til at Sivilforsvaret bidrog med 20 mann.