Hopp til innhold

Måtte evakuere på ti minutt: – Eg kjente panikken steig

KOKSTAD (NRK): Kring 40 av dei evakuerte overnattar på hotell etter demningsbresten i Bergen. Dei er spente på når dei kan vende heim igjen.

Monica Mørk i politiet held informasjonmøte på Kokstad om demningsbresten i Bergen

EVAKUERTE: Politistasjonssjef Monica Mørk informerer Signe Våge (t.v) og Randi-Marie Mason Våge om situasjonen i Eidsvåg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Trass dramatikken i evakueringa, var det ein roleg og fatta stemning på Scandic Hotel på Kokstad i Bergen i natt.

Kring 40 av dei 133 evakuerte frå Eidsvåg vart innlosjert her, mellom dei fleire barn og ein baby.

Randi-Marie Mason Våge og svigermor Signe Våge var av dei som fekk ein høgst uventa beskjed onsdag kveld. Ein demning gav etter i fjellet over huset deira i Jordalsvegen i Eidsvåg og familien var i umiddelbar fare.

– Eg kjente panikken steig. Hjartet pumpa og eg hadde mange tankar i hovudet. Eg tenkte på barna og kva vi skulle ta med. Det var panikk og stress, fortel ho til NRK.

SJÅ VIDEO: Her gir demninga i Munkebotsvatnet etter.

Ute på ti minutt

Familien fekk først meldingar frå vener og kjende som såg på nyheitene at Eidsvåg vart evakuert. Frå stovevindauga oppdaga Signe Våge at politiet var i tunet.

– Vi fekk beskjed om å komme oss ut, så fort som mogleg. Eg trur vi var ute på ti minutt.

Fleire av dei evakuerte som NRK har snakka med spør seg om korleis situasjonen med demningen kunne oppstå, etter berre nokre få dagar med kraftig nedbør.

Fleire opplevde det som dramatisk då politiet byrja å banke på dører i Eidsvåg-området.

– Vi fekk fem minutt på å komme oss ut. Det var veldig overraskande for oss. No er vi spente på korleis det går med huset, seier Jozef Zec.

Han kopla av med eit slag bordfotball saman med kameraten og kollegaen Duna Jan.

Josef Zec vart evakuert frå Eidsvåg demningsbrist

KOPLA AV: Josef Zec og kameraten Duna Jan spelte bordfotball medan dei venta på meir informasjon etter demningsbresten i Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ingen eigedommar skadde

Politistasjonssjef i Bergen vest, Monica Mørk, heldt to informasjonsmøte for dei evakuerte på hotellet.

Der gav ho beskjed om at geologar skal vurdera situasjonen på alle eigedommane, før nokon før flytte heim igjen.

– Vi har førebels ikkje sett nokre skader på eigedommane, men geolog skal sjekke både vegar og grunn. Det må vere trygt før vi sender nokon heim. Vi rår dykk til å slå dykk til ro her, og vente på meir informasjon frå oss og kommunen, sa Mørk til dei evakuerte.

– Vi er spente på korleis det ser ut heime. Ellers har vi fått god informasjon og oppfølging, seier Signe Våge.

Eidsvåg demning brist

ALARM: Første melding om at noko var alvorleg gale i Munkebotnsvatnet kom i 18.00-tida. Klokka 20.30 kom meldinga om at demninga gav etter for vannmassene.

Foto: Bergen brannvesen

Opnar den gamle vegen

I natt opna fylkesveg 267 rundt Eidsvågsneset for trafikk igjen. Like før klokka 02.00 opna også E39, først i nordgåande og deretter også i sørgåande retning.

Det er totalt 37 hus og 133 bebuarar som er evakuerte frå Eidsvåg i Bergen. Meldinga om at demningen i Munkebotsvatnet gav etter kom klokka 20.30.

Det har ikkje kome meldingar om skader på personar eller eigedommar. Dei som får overnatta på hotell, får mat og losji på kommunen si rekning i natt.

Munkebotsvannet og Eidsvåg