Hopp til innhold

Mathilde (25) røykte sin første sigar som seksåring – no driv ho familien sin tobakksbutikk

Familien rådde henne frå det, men Mathilde Plo-Sørensen var ikkje i tvil om at ho ville bli sjef for Noregs nest eldste tobakksbutikk.

Mathilde (25) er ny dagleg leiar i Sørensen tobakk

TRADISJON: Mathilde Plo-Sørensen er fjerde generasjon som driv Sørensen Tobakk.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Du må ikkje begynne å jobbe i butikken. Det er hardt arbeid og lite pengar, sa mor til Mathilde Plo-Sørensen.

Det same rådet hadde mora sjølv fått av Mathilde sin morfar. 25-åringen høyrde ikkje på nokon av dei.

No har ho tatt over tradisjonsrike nisjebutikken Sørensen Tobakk på Torgallmenningen i Bergen. Den nyutdanna siviløkonomen kunne søkt heilt andre jobbar, men valde familiebedrifta.

Med det blir ho fjerde generasjon i familien Sørensen som sel tobakk til bergensarane.

Mathilde Plo-Sørensen røyker sigar

TIDLEG: Mathilde Plo-Sørensen røykte sin fyrste sigar då ho var 6 år. No er ho sjef i familieverksemda.

Foto: Privat

Starta som 6-åring

Verksemda hadde i fjor ein omsetnad på 26 millionar kroner, mot dryge 22 millionar året før. Butikken har med andre ord overlevd både reklameforbod og røykelov.

Sjølv røykte den nye dagleg leiaren sin fyrste sigar allereie som 6-åring, og har ikkje hatt tanke på anna enn å overta.

– Det var naturleg. Dette er min andre heim, så å gjere noko anna ville kjentest veldig rart, seier Mathilde Plo-Sørensen.

Tobakksbutikken blei opna av oldefar Sigurd Martin Sørensen i 1905, og flytta etter kvart inn i lokala på Torgallmenningen i Bergen. Sidan starten har den vore eigd og drive av familien.

Både far hennar, stefaren og mora jobbar i butikken. No har ho blitt sjefen deira.

Martine Plo-Sørensen bak disken i Sørensen tobakk

SIGAR: Familien har forsynt bergensarar med sigarar sidan 1905.

Foto: Therese Pisani / NRK

Opplæring rundt kjøkkenbordet

Faget har ho kjent heile livet. Rundt middagsbordet hos besteforeldra fekk ho opplæring i bransjen.

Mathilde Plo-Sørensen fekk pipe til 18-årsdagen

PIPE: Mathilde Plo-Sørensen fekk pipe til 18-årsdagen. I bakgrunnen poserer morfar Fritjof Sørensen framfor butikken.

Foto: Privat

– Vi snakka alltid om sigarar. Korleis du skal kutte dei, til dømes. Eg lærte det kanskje litt tidleg, humrar ho.

Til 18-årsdagen fekk ho ei pipe, men kunsten hadde ho lært seg lenge før.

– Morfar lærte meg korleis ein skal stappe pipe. Det er også greitt å vite når ein er 10 år.

Mor Hilde Jenny Sørensen har dei siste 14 åra drive butikken. Då ho ville lyse ut stillinga som butikksjef, bad Mathilde om å få den. Som svar fekk dottera ein kontrakt på e-post med tittelen dagleg leiar.

NRK møter dei heime i generasjonsbustaden dagen kontrakten skal signerast. Det blir litt meir kjensleladd enn dei hadde rekna med.

– Morfaren din hadde vore veldig stolt, seier ei tydeleg rørt Hilde Jenny Sørensen til dottera.

Snus til heile landet

Den nye daglege leiaren har strategien klar for korleis familiebedrifta skal overleve.

Medan talet på røykarar går nedover, syner tal frå Statistisk sentralbyrå at fleire og fleire snusar.

Sørensen Tobakk har inngått ei avtale med Norgesgruppen om å levere snus til deira kioskar, og denne veka blir dei fyrste pallane sendt frå Galleriet i Bergen.

– Den store endringa er at vi går frå å selje boksar med snus til pallar med snus, fortel avtroppande dagleg leiar Hilde Jenny Sørensen.

Sigarane vil likevel vere ei viktig merkevare for butikken, lovar den nye leiaren.

– Det er framleis litt artigare å selje ein sigar enn ein boks med snus, men det er også ganske gøy å selje ein pall med snus, smiler ho.

Mathilde kuttar sigar.

FAG: Av morfaren lærte Mathilde å kutte sigarar.

Foto: Therese Pisani / NRK