Hopp til innhold

Mathias (12) og Håvard (12) må dele på hovudrolle for å få tid til skule

– Det blir ein del lekser i helgene, seier skodespelar Håvard Aspelund.

Sminke, DNS, Håvard og Mathias.

FORVANDLING: I sminkerommet skal dei ulike gutane bli nesten heilt like, for på scenen speler dei same karakter.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Håvard blir pynta på av ein sminkør i eit rom bak Den Nationale Scene (DNS). Bak sminkestolen står medskuespelar Mathias Igland Kausland.

Gutane kjem rett frå skulebenken, der dei alt har arbeidd ein halv dag.

Ofte blir barneroller spelt av vaksne på teater. For regissør Petter Næss var det viktig å finne barn til å spele rolla som Danny i «Danny og den store fasanjakten».

– Det er ein eigen sårheit og kraft i det at det står eit barn på scena, meiner Næss.

Regissør Petter Næss gjer instruksar til skodespelarane før prøven startar.

LITT SOM DANNY: Viss det var regissør Petter Næss sin far som hadde drive med ulovleg fasanjakt, ville han ha redda han då? – Absolutt! seier regissøren.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Første gong i Norge

Han fann Mathias og Håvard. Når skodespelarane skulle vere så unge, måtte dei vere to som kunne dele på rolla. Viss ikkje hadde det rett og slett blitt for mykje arbeid.

«Danny og den store fasanjakten» har premiere på DNS neste veke. Det er første gong familiestykket blir sett opp på teater i Norge.

– Me bruker menneske, dokketeater, video og foreiner det for å fortelje ei fantastisk historie frå ein bit av ein gut sitt liv der han oppdagar at faren har hemmelegheiter og at verda ikkje er slik han trudde den var, seier Næss.

To ulike Dannyar

I dag er det Mathias som skal på scena og Håvard som skal sjå på. Sjå og lære. ​Før prøven begynner får både unge og eldre skodespelarar instruksar av Næss.

Sjølv om Håvard og Mathis speler den same rolla, skin personlegdomane deira gjennom.

– Me får same beskjedar og gjer nesten det same. Men eg er jo Håvard og Mathias er Mathias. Og me kan jo oppfatte Danny på forskjellige måtar, seier Håvard.

Håvard Aspelund ser på Mathias Igland Kausland, som speler Danny denne dagen.

MYKJE VENTING: I seks timar skal Håvard sjå på Mathias og dei andre skodespelarane. Ein annan dag er det hans tur.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Han har spelt i DNS éin gong før, i stykket «En folkefiende». Tidlegare har gutane gått på same teaterskule i Fyllingsdalen, men dei har aldri vore med i same produksjon.

– Blir det nokon konkurranse mellom dykk?

– Førstemann ned trappa, seier Håvard spøkefullt.

Begge ler. I løpet av våren har gutane blitt gode venner og til og med utvikla sitt eige personlege handtrykk.

– Ein må jobbe hardt og intenst

Næss påpeiker at det er mykje arbeid å spele teater.

– Eg prøver å få folk til å senke skuldrene. Men ein må jo jobbe hardt og intenst, seier regissøren, som trivst godt med å arbeide med dei to ungdommane.

Danny køyrer for å redde faren som er på ulovleg fasanjakt.

LÅNER BIL: Danny/Mathias køyrer for å redde faren som ikkje har kome heim frå ulovleg fasanjakt.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Sjølv om medelevane til Mathias og Håvard er ferdige på skulen for lenge sidan, har dei sjølv mange timars arbeid att denne dagen.

– Dei andre elevane seier ofte at det er urettferdig at me går frå skulen. Men me er jo her på teateret frå klokka tolv til seks, seier Håvard.

Mathias Igland Kausland som Danny. I skogen for å redde faren sin.

MODIG: Mathias/Danny er i skogen for å redde faren sin frå fella til den slemme naboen Mr. Hazell.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK