NRK Meny
Normal

Mathallen kan opne igjen etter rotteinvasjonen

Etter nesten to veker med lukka dører er Mathallen i Bergen erklært fritt for skadedyr.

Mathallen

FRITT FOR SKADEDYR: Mathallen kan opna dørene igjen

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

I ei pressemelding frå Totalreform blir det slått fast at dei tiltaka som vart sett i verk førre veke, no har gitt ønska effekt. Det siste døgnet er det ikkje registrert spor etter rotter og dermed opnar Mathallen klokka 12.00 fredag.

– Vi beklagar igjen dei ulempene stenginga har ført til for leigetakarane i Mathallen. No ser vi fram til å ønske alle velkommen tilbake til ein grundig reingjort og trygg mathall, seier administrerande direktør Anders Bjerke i Totalreform.

Avgjerda om å opne bygget på Torget i Bergen igjen, skjer i samråd med Mattilsynet og ekspertar på skadedyrsbekjempelse.

Rotteinvasjon

Det var måndag førre veke at driftselskapet Totalreform såg seg nøydde til å stenga Mathallen. Det var observert spor av rotter inne i bygningen, og alle leigetakarane måtte stenga butikkane sine.

Totalreform driftar bygget, som de leiger av Bergen kommune. Rottene skal ha tatt seg inn i bygninga gjennom gliper i fasaden, grunna byggtekniske manglar. Det vart sett i verk ei rekke med tiltak for å halde dei firbeinte skadedyra ute:

  • Tetting av bygget
  • Gjennomgang og opprydding i alle moglege skjulestadar
  • Utplassering av rottefeller og omfattande reinhald og desinfisering av golv og utstyr

I tillegg har all aktivitet i bygget på nattetid vorte overvaka ved hjelp av sporpulver og kamera, og natt til torsdag var det altså ikkje spor etter rottene inne i bygget.

Kranglar om ansvaret

Overvakinga vil halda fram for å sikre at rottene ikkje kjem seg inn utan at det blir oppdaga.

Samstundes kranglar dei involverte partane om kven som har ansvaret. Totalreform har kravd Bergen kommune for seks millionar kroner i auka straumutgifter og utgifter til å rette opp i feila på hallen.

Men dette kravet blir berre delvist godteke hjå kommunen. Dei varslar at dei vil sende delar av kravet vidare til arkitektfirmaet Eder Biesel Arkitekter og entreprenøren Sweco, som står bak VVS-arbeidet i Mathallen.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.