Hopp til innhold

Materielle skadar etter kollisjon

Det var ein buss, ein trailer og truleg fleire bilar som var involvert i kollisjonen i Lyderhorntunnelen. – Bussen og ein bil har køyrd vidare, og det er berre snakk om materielle skadar. Køyretøya kom seg ut av tunnelen og til ei busslomme. Det er litt uvisst kvifor dei kom borti kvarandre, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt. Trafikken flyt no fint på staden.