NRK Meny
Normal

Mastetabbe kostar 30 millionar

ØYSTESE (NRK): Statnett bomma med hundre meter då dei bygde master i Hardanger. No må dei ut med 30 millionar for å byggja to master på nytt.

master

GRUNNEIGAR: Atle Aalvik på Nystøl i Øystese, der to master no skal rivast.

Foto: EVEN NORHEIM JOHANSEN / NRK

– Det er heilt forferdeleg. Er det rett at dei hiver vekk millionar med kroner på denne måten, spør grunneigar Atle Aalvik.

Tre nye master må opp, og to må fjernast i fjellet over Øystese.

Traseen justert

Statnett bygde mastene gjennom Hardanger, frå Simadal til Samnanger, men oppdaga aldri at Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) hadde justert traseen etter innspel frå grunneigarar.

Ved Nystøl i Øystese arbeider dei derfor med å demontera to master.

– Når me står oppe ved stølen, ser me den eine masta som ikkje skulle vera der, seier Aalvik.

Han er glad for at Statnett no ordnar opp.

– Me har kjempa for dette sidan planleggjingsstadiet, seier Aalvik.

statnett

I ARBEID: Statnetts Svein Erik Fjellstad og grunneigar Atle Aalvik diskuterer planane for flytting av master i Hardanger.

Foto: EVEN NORHEIM JOHANSEN / NRK

Dobbel pris

Endringa skulle kosta 15 millionar kroner. No er prisen det dobbelte: 30 millionar kroner.

– Vi har gjort feil i denne saka, og vi rettar opp våre feil, seier Elisabeth Vardheim, konserndirektør for bygg og anlegg i Statnett.

Grunneigarane sa først nei til å la mastene stå, men opna seinare for å forhandla.

– I utgangspunktet skulle kostnaden vore unngått.Grunneigarane har etterpå kome til at det kunne vore greitt at mastene blei ståande. Då var det for seint å forhandla, seier seksjonsleiar Øyvind Leirset i NVE.

– Vi hadde akseptert å la mastene stå med ein riktig kompensasjon, seier Aalvik.

Dei foreslo halvparten av den opprinnelege kostnaden i kompensasjon.

Istadenfor kostar flyttinga no fire gonger så mykje.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.