Hopp til innhold

Desse tre får ikkje jobb i Noreg

Dei er dei tre første som går ut frå Universitetet i Bergen med master i fornybar energi. I Noreg har dei få jobbar å søke på. – Veldig synd, meiner dei.

Masterstudentar i fornybar energi

FRAMTIDAS AKADEMIKARAR: Kristine Domaas Klementsen, Johannes Dugstad og Anette Nedreli er dei første som går ut frå Universitet i Bergen med master i fornybar energi.

Foto: Solrun Dregelid / UiB

– Det finst mykje jobbar i Europa, men ikkje i Noreg og Bergen, og eg har lyst å bli i Bergen, seier Kristine Domaas Klementsen til NRK.

Ho er ein av tre studentane som fullfører master i fornybar energi frå Universitetet i Bergen i år. Studiet hadde oppstart i 2012, og har 20 studieplassar.

Medstudentane hennar Johannes Dugstad og Anette Nedreli har fordjupa seg i tidevannsenergi og jordvarme. Klementsen har spesialisert seg i offshore vind, og det er få jobbar for personar med hennar utdanning.

– Det er veldig synd, men eg håpar at det ikkje tar så lang tid før det byrjar å komme meir. Me kan jo få erfaringar frå nesten alle mogelege stader, men akkurat på vindenergi blir det litt vanskeleg, seier Kristine Domaas Klementsen.

– Det er på veg

Det er det eg har lyst å jobbe med, så då må eg berre hente erfaringar frå andre stader, og så er eg klar for ein jobb i vindbransjen når det er mogeleg.

Kristine Domaas Klementsen føler ho er litt forut for si tid med den utdanninga ho har, men ho håpar at det kan blir satsa meir på vindkraft i framtida.

– Det er på veg, men Noreg er sjølvforsynt elektrisk med vasskraft. Viss energimarknaden blir meir ope nedover i Europa slik at me kan selje meir straum, og det er kapasitet til å ta inn meir straum, så blir det meir aktuelt å bygge ut meir kraft enn det me treng, seier ho.

Dette håpar Klementsen kan opne for meir bruk av vindkraft, men ho forstår likevel at det ikkje blir satsa meir på vind i Noreg.

– Det er jo ikkje så mange områder i Noreg som er ideell for vindkraft onshore, men offshore blir det veldig interessant å sjå kva som kan komme i framtida, seier Klementsen.

– Utanfor kysten i Noreg er det eitt av Europa sine beste forhold for vindkraft, legg ho til.

Angrar ikkje

Sjølv om det er vanskeleg å finne jobb for Klementsen, så angrar ho ikkje at ho valte å ta master i fornybar energi.

– Det er det eg har lyst å jobbe med, så då må eg berre hente erfaringar frå andre stader, og så er eg klar for ein jobb i vindbransjen når det er mogeleg, seier ho.

Ho veit godt kva drøymejobben er.

– Det vil vere å planlegge ein offshore vindpark, og sjå korleis ein kan optimalisere den best mogeleg, alt ifrå korleis turbinar skal plasserast i forhold til kvarandre, korleis kablane skal ligge og kva fundament dei skal ha.

Viktig kompetanse

Masterstudie i fornybar energi er eit populært studie, og på dei 20 plassane til hausten er det ifølge UiB heile 109 søkarar. Peter Haugan som er professor ved Geofysisk institutt og er leiar for masterstudiet, meiner utdanninga er

– Dette er kompetanse samfunnet verkeleg har bruk for. Det er store endringar både i forsyninga av fornybar energi, og i teknologien for å ta energien i bruk, seier Haugan til UiB sine nettsider.

– Masterstudentane våre vil vere særleg gode på energiplanlegging, og dei vil blant anna vere i stand til å vurdere ny teknologi, og om vi skal gå for den eine eller andre løysinga, legg han til.

Kristine Domaas Klementsen er einig i at fornybar energi er noko som burde bli satsa på.

– Eg valte master i fornybar energi fordi eg brenn for det. Klimaendringane er eit kjempestort globalt problem som må løysast med blant anna fornybar energi, seier Klementsen til UiB.