NRK Meny
Normal

Masseslagsmål i drosjekøen

Politiet rykka ut til eit masseslagsmål på Stord i natt etter at ti personar byrja å sloss.

Klokka 03.00 natt til laurdag fekk politiet fekk melding om ti mann som sloss utanfor drosjesentralen på Stord.

– Det skal ha vore to personar som oppførte seg krenkande mot ei kvinne og kjærasten til denne kvinna skal ha blitt sint. Det var utveksla ein del slag mellom dei, seier Oddvar Olsen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt

Fleire blanda blanda seg inn i det som utvikla seg eit masseslagsmål mellom ti personar.

– Ingen av dei innblanda skal ha blitt alvorleg skadde.

Politiet viste alle dei innblanda vekk frå staden, og det var ikkje oppretta nokon sak.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik