Hopp til innhold

Her tek dei trucken i mislukka skraphandlar-brekk

Innbrotsforsøket i skraphandlar i Bergen gjekk ikkje heilt etter planen.

Innbrotsforsøket i skraphandlar i Bergen gjekk ikkje heilt etter planen.

SJÅ VIDEO: Tjuvane tok bedrifta sin eigen truck og brukte den vidare som rambukk for å koma seg inn i lagerhallen.

Klokka 03.51 natt til torsdag gjekk alarmen ved skraphandlarforretninga Metallco på Damsgård i Bergen. Tilsette i eit tilknytt vektarfirma blei vitne til det uvanlege innbrotsforsøket via kameraovervakinga av området.

Gjerningspersonane brukte blant anna ein truck som rambukk i forsøket på å ta seg inn i bedrifta.

  • Sjå overvakingsbileta i toppen av artikkelen.
Ødelagt dør og port ved Metallco på Damsgård i Bergen

MISLUKKA: To av ingrediensane i innbrotsforsøket er finlandshetter og ein varetruck. Tjuvane brukte bedrifta sin eigen truck som rambukk for å koma seg inn i lagerhallen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Etterlyser maskerte menn

– Vektarfirmaet fylgde opptrinnet på kamera og såg to maskerte menn som køyrde ein truck mot ein husvegg. Det er ein god del materielle skader på dør og vegg i bedrifta, men det er ingenting som tyder på at noko er tatt, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Til saman fem politipatruljar ilte til adressa, men dei to gjerningspersonane blei truleg skremde av alarmen og stakk av i ein mørk personbil før politiet kom fram.

– Me har ei vag beskriving av ein mørk bil, men ho er så tynn at me må sjekka om bilen er plukka opp av andre videokamera i området, seier Hellesund.

Truck på Metallco på Damsgård i Bergen

RAMBUKK: Trucken har blitt brukt som rambukk mot porten, veggen og døra til kontorlokalet. Dagleg leiar ved Metallco veit ikkje korleis gjeringspersonane har fått start på trucken.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Nådde aldri pengesafen

Dagleg leiar ved Metallco, Espen Molland, har klokka 08 ikkje oversyn over om noko er stole frå området. Døra og porten inn til kontorlokalet er båe øydelagde.

– Me reagerte på at det stod ein truck på utsida, for me sit han alltid inn om kvelden. Døra inn til hallen stod på halv åtte og tjuvane har forsøkt å bryta seg inn på kontoret, men det ser ikkje ut til å ha lukkast.

Molland trekk fram kopar, messing og pengar i ein safe som mogleg bytte tjuvane ville ha med seg. Han er glad for at ingenting ser ut til å vera vekke.

– Det er nokre småverktøy som manglar, men elles har me ikkje sett at noko er borte.

Forsøk på inbrudd i Metallco på Damsgård

STOPP: Tjuvane kom seg inn i lagerhallen, men kom seg aldri gjennom kontordøra. – Det er berre nokre småverktøy som manglar, seier dagleg leiar Espen Molland.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Stakk til skogs etter politijakt i stolen bil

Fleire politipatruljar leiter framleis etter dei to maskerte mennene i morgontimane.

Ein halvtime etter innbrotsforsøket på Damsgård, forsøkte ein politipatrulje i Åsane, som var på jakt etter dei to maskerte mennene, å stoppa ein bil som passerte i høg fart. Føraren av bilen stakk av og med politiet på halen sette føraren kursen mot Breistein.

– Der stansa han bilen og stakk til skogs. Ein sprek polititenestemann tok han att før hundepatruljen kom. Me mistenkjer at mannen var påverka av alkohol, seier operasjonsleiar Hellesund.

Bilen viste seg å vera stolen frå Austlandet med påsette stolne kjenneteikn. Mannen er austeuropeisk statsborgar og ein kjenning av politiet, ein såkalla «vandrar».

– Politiet jobbar framleis med å nausta opp i trådane og finna ut kva mannen skal meldast for

Innbruddsforsøk Damsgård