NRK Meny
Normal

Marte og Silje festa med «Stones» i natt

Dei har aldri sunge for meir enn 1500 personar, men i går stod Marte Flem Bjørshol (23) og Silje Solberg (28) frå ungdomskoret Edvard Grieg ungdomskor på scenen med sjølvaste Rolling Stones.

stones

EIN DRAUM BLEI VERKELEG: I går stod Silje Solberg og Marte Flem Bjørshol på scenen saman med Rolling Stones i Telenor Arena. – Ein draum som blei verkeleg, seier dei to jentene.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Det var heilt fantastisk. Ei oppleving for livet, fortel Marte Flem Bjørshol.

Det var ein oppspelt gjeng som landa på Flesland dagen etter konserten i Telenor arena. 25.000 fans hadde møtt fram på den første konserten sidan «14 on fire»-turneen vart lagt på is i mars.

– Ei uverkeleg oppleving

Stones

UVERKELEG: Koret song på den kjende Stones-låten 'You can't always get what you want.' Bilete er teke rett før koret gjekk på scena.

Foto: Privat

Det relativt ferske koret består av medlemmar frå 18–26 år som studerer musikk på ulike skular i Europa. Stort sett går det i klassisk musikk, men i april vart koret spurt om å gjere noko heilt anna.

– Me trudde nesten ikkje på det når me vart spurt om å opptre saman med Rolling Stones. Det var utruleg kjekt å få denne sjansen, nesten uverkeleg, seier dei to jentene.

Koret var leigt inn for å syngja åleine på den kjende Stones-låten "You can't always get what you want."

No håpar dei to jentene på fleire oppdrag.

– Me eg jo eit ganske nytt kor, så me er avhengig av pengestøtte, seier Solberg.

Nachspiel med bandet

Etter konserten fekk dei to jentene møte fleire av medlemmane i bandet.

– Me snakka litt med dei rett etter konserten. Eg fekk gitt Mick Jagger ein klem. Det var nok, seier Flem Bjørshol nøgd.

Og seinare på kvelden vart fleire i koret med på etterfest med dei populære medlemmane i bandet.

– Det vart drukket litt champagne og dansa, smilar Flem Bjørshol.

Men meir vil ikkje dei to jentene fortelje, dei måtte nemleg skrive under på ei taushetsærklring før dei møtte bandet.

Og sjølv om medlemmane i koret ynskjer seg fleire oppdrag, er lite som kan toppe gårsdagens konsert ifølgje dei to jentene.

Les anmeldelsen av konserten her

– Nei, kva kan toppe dette? Det måtte ha vore å få stå på scena saman med dei attlevande Beatles-medlemmane, ler dei to jentene.

Edvard Grieg-koret varma opp for Stones i går.


Siste video

Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen
Flere hundre tok turen til Torgallmenningen for å smake mat som var gått ut på dato.
Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane fredag 18. august 2017.