Hopp til innhold

– Eg har jo heile livet føre meg, men dei fekk aldri sjansen

I morgon er det 70 år sidan bombinga av Laksevåg i Bergen - der til saman 193 personar vart drepen. Den tragiske ulykka vart markert fleire stadar i Bergen i dag.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå video frå minnemarkeringa på Holen skule. Her vart 61 elevar og tre tilsette drepen for 70 år sidan. Foto/redigering: Kjetil Rydland.

Vi har minnemarkering fordi vi tenkjer tilbake på det som skjedde, og det synest eg er veldig bra

Lasse Aas Johannessen, elev ved Holen skule

Målet for dei britiske bombeflya for 70 år sidan var ubåtbunkaren på Laksevåg, men dei fleste bombene trefte sivile – og i alt 193 personar vart drepen.

Også Holen skule på Laksevåg vart bomba den 04. oktober 1944. Her vart 61 elevar og tre tilsette drepen. I dag gjennomførte elevar frå Holen skule ei minnemarkering for dei falne.

– Vi skal minne folk om kva som skjedde på denne skulen i 1944. Og det er ein veldig spesiell dag for dei som overlevde, seier elev Anna Kirsten Årdal Havneraas.

  • Sjå video frå minnemarkeringa over

– Skulen har ei historie som vi ikkje skal gløyma. Det er framleis attlevande som kjem innom den dagen og som set stor pris på at vi har ei minnestund. Elevane våre skal og vita historia til skulen, på godt og vondt, seier avdelingsleiar på Holen skule, Torill Wikse Rognskog.

– Det var mange som mista vennene sine eller nokon i familien sin. Det er ein veldig tragisk måte å døy på. Eg har jo heile livet føre meg, men dei fekk aldri sjansen, seier elev Alfred Myrmel Gjengedal.

Dramatisk haustdag

I dag opna ordførar Trude Drevland også ei utstilling om bombinga på Festningsmuseum. Utstillinga viser heimane til dei som vart bomba og folka som budde i dei.

– Eg ønskjer å minna oss på at tida ikkje leger alle sår, seier initiativtakar Ingebjørg Jensen.

På den dramatiske haustdagen, vart det sleppt over 1400 bomber, 193 vart drepne og 200 hus skadd.

– Om vi vil blir kjend med enkeltpersonar og om vi kjem inn i livene deira både før, under og etter katastrofen, så tar vi det kanskje meir inn over oss. Det er tanken bak denne utstillinga, seier Jensen.

Levd med trauma

Det var ikkje over sjølv om brannane var sløkte og folk gravlagt, for då byrja kampen for dei som overlevde. Karakterboka til tolv år gamle Robert viser til dømes at han var ein av fleire som ikkje takla det. Han mista si sju år gamle søster i bombinga.

– Han hadde flotte karakterar før ulykka og så gjekk det veldig dårleg med dei etterpå. Skulen sa berre at han måtte ta seg kraftig saman. Det var litt av ei kriseforståing det, seier Drevland.

For Robert sine døtrer er det klart at tida ikkje leger alle sår. Dei har sjølv levd med bombinga som faren opplevde som barn. Gjennom han arva dei trauma som han og sleit med.

– Vi har hatt mareritt om denne bombinga gong på gong gjennom både ungt og vaksent liv. Vi er så glad for at Ingebjørg Jensen har tatt tak i dette og laga ei utstilling. For dette gjeld ikkje berre oss, men veldig mange andre og, seier Solgunn Strand.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Medan mor og dotter omkom, klarte porselenet seg. Ingebjørg Jensen viser fram utstillinga om bombinga på Festningsmuseum.