NRK Meny
Normal

– Piratangrepa har nærast forsvunne

I årevis har handelsflåten kjempa mot piratangrep i Adenbukta utanfor Somalia. Men no føler Bergens-rederiet Odfjell at deira tilsette er tryggare enn på mange år.

Somalisk pirat

PIRATANE SOM FORSVANN: Det har vore ein markant nedgang i talet på pirat-truslar og -angrep sidan starten på 2015.

Foto: Farah Abdi Warsameh / Ap

Ei knust Kalasjnikov-kule rullar over bordet. Ein gong sto den i det ladde geværet til ein somalisk pirat – no ligg den på bordet til Harald Bauck på Odfjell-kontoret i Bergen.

– Kula er skoten frå ein AK47 Kalasjnikov med føremål å skada ein av våre tilsette, fortel Bauck.

Dei siste åra har arbeidsdagen til Odfjell-tilsette som seglar gjennom Aden-bukta minna meir om ein militæroperasjon enn livet om bord på ein lastebåt. Bauck fortel om omfattande tryggleiksutstyr ombord på skipa som er blitt daglegdags.

– Fjernstyrte vasskanoner, fjernsynsovervaking, piggtråd, skotsikre vestar, kevlarhjelmar og væpna vaktar.

Piratkuler frå Somalia

Den knuste kula vart funnen i bruvindauget om bord i Bow Saga.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Det har stilna heilt

Harald Bauck

Ingen piratangrep siste månadane

Men no har det snudd. Det siste året har piratangrepa i den utsatte Aden-bukta utanfor Somalia nærast forsvunne.

Harald Bauck, Odfjell

Harald Bauck i Odfjell sin jobb er å syta for at mannskapet er trygge til havs.

Foto: Ingvild Nave / NRK

– Det har ikkje vore nokon tilfelle dei siste månadene. Men det betyr ikkje at potensiale for slike angrep er borte, poengterer Bauck.

Noregs Rederiforbund stadfestar utviklinga som Odfjell har merka.

– Ei rekkje tiltak er gjort på land og til havs dei siste åra. Mange har væpna vaktar om bord, det er gode rapporteringssystem i området, i tillegg til at ein har drive kapasitetsbygging på land i Somalia, seier rådgjevar Line Ollestad i Noregs Rederiforbund.

Framleis tek ein i bruk tunge tryggleikstiltak, som til eksempel militærkonvoiar, i området. Slik vil det truleg vera i lang tid.

Piratane held seg med anna aktivitet

Både Somalia og Jemen, som ligg på kvar si side av bukta, er svært ustabile område, og framleis har somaliske piratar over 30 gislar.

Den norskeide tankeren Bow Saga ble angrepet av pirater i Adenbukta i 2010

I 2010 blei Odfjell-skipet Bow Saga forsøkt kapra av piratar. Etter dette har rederiet gjort betydeleg investeringar i tryggleikstiltak.

Foto: Odfjell / Scanpix

– Piratnettverket eksisterer framleis på land i Somalia, men dei held seg no med anna kriminell aktivitet. Det er grunnen til at me framleis følgjer situasjonen i Somalia tett, seier Ollestad.

Torbjørn Husby i Sjøfartsdirektoratet stadfestar tendensen.

– Nedgangen begynte i 2015, då hadde vi ein kraftig nedgang. I år har det vore lite og ingen pirataktivitet i dette området, seier han.

– Om Somalia kan kome i ein tilstand slik at piratar kan bli fiskarar igjen, så trur eg alle vil vere veldig nøgd med det, i alle fall er me det, seier Harald Bauck i Odfjell.

Piratene i som forsøkte å angripe det norske tankskipet Bow

Piratane som forsøkte å kapre Bow Saga i 2010 overga seg til den spanske marinen til slutt.

Foto: Hand-out / EU Navfor / Scanpix

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo