Hopp til innhold

Varaordføraren melder seg ut av KrF – byrådet i Bergen mister fleirtalet

RÅDHUSET I BERGEN (NRK): Varaordførar Marita Moltu melder seg ut av Kristeleg Folkeparti. – Ikkje min intensjon å skade byrådet.

Marita Moltu

PÅ RÅDHUSET: Varaordførar Marita Moltu møter media på rådhuset i Bergen etter å ha meldt seg ut av KrF.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Marita Moltu har måndag morgon informert Kristeleg Folkeparti om at ho melder seg ut av partiet.

«Begrunnelsen for min avgjørelse handler i hovedsak om manglende tillit til partiet både lokalt og nasjonalt. Dette innebærer både partikultur og politiske veivalg,» skriv Moltu i ei pressemelding.

– Fordi eg ikkje ønskjer skitkasting eller kritikk av enkeltpersonar eller enkelthendingar, vil eg ikkje utdjupe dette. Men eg kan seie at det ikkje handlar om kjemi, men kultur og tillit, seier Moltu til NRK.

– Kor lenge har det vore ein dårleg kultur?

– Dette har gått føre seg over tid. Dei siste åra har vore krevjande for meg. Eg har difor teke ei avgjerd om at det er betre for meg å gå vidare utanfor partiet. Det har ikkje vore ei enkel avgjerd, men no er det ei lette å kunne sjå framover, seier Moltu.

Før helga fekk NRK opplyst at varaordføraren vurderte om ho skulle halde fram i partiet.

No har ho altså offentleggjort avgjerda.

Harald Schjelderup

IKKJE OVERRASKA: – Vi har vore kjend med at dette kunne kome til å skje, seier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Byrådet mister fleirtalet

Moltu si utmelding frå KrF gjer at byrådspartia Ap, Venstre og KrF vert sitjande att med 33 representantar i bystyret, noko som ein for lite for fleirtal.

– Det er ein konsekvens som ikkje har vore i mine tankar når eg har teke denne avgjerda. Det er ikkje min intensjon å skade byrådet, seier Moltu.

Byrådet kan no fortsetje som eit mindretalsbyråd, samarbeide med Moltu som kan sikre dei fleirtal frå sak til sak, eller søke eit nytt byrådsparti. Då er Senterpartiet den mest sannsynlege kandidaten.

– Eg vil tru at byrådet vil søke ei oppklaring. Viss det skulle bli spørsmål om å gå inn i byrådet no, må vi diskutere det i partiet. Det er førebels ikkje eit spørsmål som er reist, seier Ove Sverre Bjørdal i Senterpartiet.

Sp har fram til no hatt eitt mandat i bystyret, og har støtta byrådet i ein del saker, mellom anna budsjettet.

Ove Sverre Bjørdal, Senterpartiet i Bergen

Ove Sverre Bjørdal i Senterpartiet

Foto: Sølve Rydland / NRK

Byrådsleiar Harald Schjelderup seier det ikkje er aktuelt å utvide byrådet no.

– Vi jobbar alltid for eit breiast mogleg fleirtal i bystyret, og kjem til å fortsette med dette. Det vil ikkje bli gjort nokon store endringar i måten vi styrer på, seier Schjelderup.

– Kom det overraskande på byrådet?

– Vi går ikkje og ventar på ei utmelding, men har vore kjend med at dette kunne kome til å skje.

Open konflikt

Førre helg omtalte Vårt Land og seinare Bergens Tidende ein konflikt mellom Moltu og finansbyråd i Bergen, Dag Inge Ulstein, etter det blei kjend at Moltu skulle delta som føredragshaldar på ei inspirasjonssamling for partiet De Kristne.

Varaordføraren er gift med Tomas Moltu. Han var tidlegare KrF-byråd i Bergen, men melde seg ut av partiet i 2016. Seinare blei han toppkandidat for De Kristne før valet i 2017.

– Dette har ikkje noko med utmeldinga mi å gjere. Eg har valt å stå i KrF fram til no, og såg ikkje noko problem med at eg haldt eit føredrag i eit anna parti. Tilfeldigvis var det dei som spurde meg. Eg ser ingen problem med å besøke andre parti.

– Kjem du til å følgje mannen din og melde deg inn i De Kristne?

– Eg er uavhengig no og tek sjølvstendige val. No skal eg bruke tida på å landa og gjere ein god jobb for Bergen som uavhengig.

Moltu vert sitjande som uavhengig representant i bystyret fram til lokalvalet i 2019.

– Eg gler meg til å fortsetje som varaordførar og som uavhengig representant og gjere ein god jobb for Bergen. No må eg gjere opp ei meining om kva eg skal gjere etter valet, seier Moltu.

– Trist

I ein e-post frå sin rådgjevar Håkon Pettersen, seier finansbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) følgjande:

«Jeg synes det er leit at Marita velger å melde seg ut. Det har helt sikkert ikke vært en enkel beslutning.

Jeg vil også takke Marita for hennes innsats i KrF gjennom mange år. Spesielt arbeidet da vi satt og fremforhandlet byrådsplattformen med Arbeiderpartiet og Venstre, og jobben som Varaordfører i denne perioden.

Utover dette har jeg ikke flere kommentarer og viser til gruppeleder Trygve Birkeland og leder i Bergen KrF Per Erik Gåskjenn for ytterliggere kommentarer».

Leiar i Bergen KrF, Per-Erik Gåskjenn, seier til Dagen at utmeldinga er trist, men vil overfor NRK førebels ikkje kommentere saka ytterlegare.

Moltu seier ho har fått positive reaksjonar på utmeldinga.

– Så langt har tilbakemeldingane eg har fått på at eg melder meg ut vore positive, og eg har blitt møtt med forståing, seier ho.