Hopp til innhold

– Manøvrerte helikopteret omsynslaust

Helikopterpiloten som havarerte i Røldal i april blei etter styrten mistenkt for å ha vore rusa. Kort tid etter forsvann blodprøven frå lensmannskontoret. No er piloten tiltalt for omsynslaus føring, men ikkje for å ha vore rusa under flyginga.

Helikopterstyrt i Røldal 2

RØLDAL: i april 2013 styrta eit helikopter ved Røldal skisenter i Odda. Ingen personar kom til skade i styrten. Helikopterpiloten er no tiltalt for omsynslaus køyring.

Foto: Egil Torheim

Laurdag 27. april 2013 havarerte eit helikopter med fire passasjerar om bord ved Røldal skisenter i Odda. No er helikopterpiloten tiltalt for uforsiktig og omsynslaus køyring. Han er ikkje tiltalt for promillekøyring.

BAKGRUNN: Helikopter med fem om bord styrtet i Røldal

Politiet var tidleg ute og fortalde at dei mistenkte at piloten var rusa før styrten, og det blei tatt blodprøve av han same dagen.

Blodprøven var eit av dei mest sentrale bevisa i saka, men forsvann frå Odda lensmannskontor.

LES OGSÅ: – Piloten styrte helikopteret uforsvarleg

Har ikkje erkjent straffskuld

Førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen har no tatt ut tiltale, men omtaler ikkje at piloten var mistenkt for å ha vore alkoholpåverka, og heller ikkje at blodprøva forsvann frå Odda lensmannskontor like etter ulukka.

Eirik Stolt-Nielsen

TATT UT TILTALE: Statsadvokat Erik Stolt-Nielsen har tatt ut tiltale i saka.

Foto: Marit Hommedal / Konkurransetilsynet

I tiltalen heiter det at piloten ikkje i tilstrekkeleg grad tok omsyn til at han "på grunn av låg høgde og fysiske hindringar hadde avgrensa rom for handtering. Som følgje av dette mista han kontroll over helikopteret, slik at helikopteret gjekk i bakken."

Forsvarar Sveinung Eliassen seier piloten ikkje har erkjent straffskuld.

– Me vil no, etter at me omsider har fått innsyn i etterforskingsdokumenta, gjennomgå korleis piloten skal stille seg til tiltalen og spørsmålet om straffskuld, seier Eliassen.

Ingen personar kom til skade i styrten. Ifølge Eliassen kjem straffesaka opp i februar.

Blodprøve forsvann frå lensmannskontoret

I over eitt år etterforska Spesialeininga for politisaker Odda lensmannskontor for å finne ut kva som skjedde med prøven. I mai i år blei saka lagt bort.

– Det er ingenting som tydar på at nokon i politiet har tatt denne prøva, sa Jan Egil Presthus, sjef for Spesialeininga til NRK etter at etterforskinga var avslutta.

LES OGSÅ: Blodprøvetjuveri ferdig etterforska