Mann tok kvelartak på politimann

Politiet har rykka ut til fleire valdsepisodar i bergensområdet i natt. Ein mann skal ha tatt kvelartak på ein politimann.

Bergen Politikammer

BERGEN POLITISTASJON: Det tre mennene som er pågripne for valdsepisodane i natt sit alle i arresten.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Tre personar er pågripne etter valdsepisodar i natt, fortel operasjonsleiar i politiet Jan Steimler. Ein av dei er meldt for vald mot ein polititenestemann.

– Me fekk melding frå legevakta om ein utagerande pasient som var rusa. Då patruljen kom fram, tok mannen kvelartak på politibetjenten som skulle pågripe han. Han prøvde også å bite han.

Politimannen skal ikkje vere skadd etter episoden.

– Han klarte å vri hovudet unna, så han ikkje fekk direkte press mot strupen, seier Steimler.

Mannen blei tatt med til arresten, og sit no i varetekt. Han vil bli avhøyrt i dag.

Blei rispa i ansiktet med kniv

Søndag morgon rykka politiet også ut til Frekhaug, etter melding om ein slåstkamp i ein bustad. Ein mann blei rispa med kniv, seier operasjonsleiar Vibeke Næss.

– Me har pågripe ein mann som vert tatt hand om. Han er noko skada og blir køyrt til arresten no. Fornærma er lettare skadd.

Det er enno uklart kva som har skjedd.

Trua med skrujern

Klokka sju fekk politiet melding om at ein mann hadde blitt angripen av ein ukjent mann på bybanestoppet på Wergeland.

Vedkommande skal ha trua mannen med eit skrujern.

Gjerningsmannen stakk av frå staden. Politiet har søkt etter han, men han er enno ikkje pågripen.

Slåstkamp på Nesttun

Politiet har også pågripe ein person etter eit slagsmål i ein bustad på Nesttun.

– Det har vore eit slagsmål. Fornærma meiner han har vore medvitslaus fleire gonger. Men kva som har skjedd er enno uklart, seier Steimler.

Politiet har pågripe ein person født i 1987, som enno ikkje er avhøyrt.

Tre menn er også sett i arresten for å ha uroa orden på offentleg stad. Dei tre vil få ei bot, som vanlegvis ligg på kring 10.000 kroner, opplyser politiet.