Hopp til innhold

Mann tiltalt for drap på Wergeland

Riksadvokaten meiner 42-åring var delaktig i drap. Dei to andre som var sikta i saka er sleppt fri.

Død mann Minde

DRAPSTILTALE: Ein mann vart funnen død med mange stikkskadar i ein hage på Minde 7. november 2013. No er ein 42 år gamal mann tiltalt for forsettleg drap.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det er Riksadvokaten som har bestemt at ein av dei tre mennene som vart sikta etter funnet av ein død mann i Bergen, no vert tiltalt for forsettleg drap.

Det skriv Bergens Tidende. Politiadvokat Janne Heltne bekreftar tiltalen ovanfor NRK måndag ettermiddag.

Den litauiske mannen vart funnen død i ein hage på Wergeland, sør for Bergen sentrum i november 2013. Mannen hadde ifølge politiet blitt utsett for «massiv vald», og den drepne hadde fleire stikkskadar på kroppen.

Mildare tiltale mot to andre

Tre menn på 39, 42 og 44 år av austeuropeisk opphav vart etter kvart sikta i saka.

Politiet har lenge sett på 42-åringen, som no er tiltalt for drap, som hovudmannen bak valden som vart utført mot litauaren.

Bergenspolitiet var ferdig med etterforskinga i november i fjor, og sende saka til statsadvokaten

Sleppt fri

Dei to andre har fått ein mildare tiltale. Begge er tiltalt for å ikkje ha avverja det som skjedde, og strafferamma er på eitt års fengsel.

– Det vil seia at vi har sleppt fri dei to som er tiltalt for dette, sidan dei har sete i varetekt i over eitt år, seier politiadvokat Janne Heltne til NRK.

Når det blir rettssak er ikkje kjent, men Heltne reknar med at saka vil få prioritet. Politiadvokaten fortel at det vil bli ei felles sak med alle dei tre tiltalte.

Den drapstiltalte 42-åringen har heile tida hevda at han handla i naudverje.