NRK Meny

Mann til sjukehus etter vald

Like over klokka 23 i går fekk politiet melding om at ein mann var blitt «skamslått» på ei adresse i Os kommune. Mannen i 60-åra blei frakta til Haukeland med det som truleg er brotskader i andletet, seier operasjonsleiar Lars Geitle. Mannen som melde om valden, enda opp som mistenkt og vart arrestert. Mannen i 40-åra er sikta for kroppsskade.