Hopp til innhold

Mann tatt med overgrepsmateriale

Politiet vil fengsle ein mann frå Hordaland, som er sikta for å disponere materiale som seksualiserer barn. Mannen, som vart arrestert onsdag, vert framstilt for varetektsfengsling i Bergen tingrett torsdag ettermiddag. – Vi ber om fire veker fengsling på grunn av fare for bevisforstyrring. Dette er ikkje ein del av Dark Room-saka, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland. Ho vil ikkje kommentere saka utover dette.