Hopp til innhold

Tatt for valdtekt i væpna aksjon – fengsla i fire veker

Kvinna klarte å rømma og fekk varsla naboane. Væpna politi slo ned døra og arresterte mannen etter ein tre timar lang aksjon. No er mannen varetektsfengsla.

Politiaskjon på Askøy

AKSJON: Væpna politi aksjonerte mot ein bustad på Askøy etter at ei kvinne melde frå om ei valdtekt laurdag morgon.

Foto: Henrik Hauken

Ei kvinne i byrjinga av 40-åra melde frå om ei valdtekt på Askøy laurdag.

– Ei kvinne oppsøkte ein nabobustad. Ho fortalde at ho var blitt valdteken og mishandla og hadde rømt frå leilegheita kor dette skulle ha skjedd, seier politilensmann på Askøy, Odd Dale.

Politiadvokat Eli Valheim opplyser til NRK at mannen blei framstilt for varetektsfengsling for lukka dører måndag ettermiddag, av omsyn til etterforskinga.

– Han er fengsla i fire veker med brev og besøksforbod, seier Valheim.

– Mannen sa han hadde kniv

Politiet igangsette ein væpna aksjon for å arrestere gjerningsmannen.

To ambulansar, ein legebil og tre politibilar var på staden, melder Bergensavisen, som først omtala saka.

– Han var ikkje villig til å sleppa politiet inn, og sa han hadde kniv. Difor bestemte politiet seg for ein væpna aksjon. Aksjonen gjekk føre seg i nokre timar, seier Dale.

Slo ned døra

Eit augevitne seier til NRK at politiet stod utanfor bustaden i tre timar, fullt væpna og med skjold, før dei rykte inn. Dei første politibilane var på staden rundt klokka 9.

– Politiet hadde full kontroll på situasjonen, men det er ikkje kvar dag du opplever full utrykking på den måten, seier vitnet.

Politiet slo ned døra inn til leilegheita og arresterte mannen utan dramatikk.

– Kjenning av politiet

Den arresterte er i slutten av 30-åra og er ifølgje Dale ein kjenning av politiet.

Kvinna vart teken med til valdtektsmottaket før ho vart teken inn til avhøyr.

– Begge har forklart seg til politiet, seier lensmannen.

Dale kjenner ikkje til om dei to kjende kvarandre frå før.