Hopp til innhold

Redda turkameraten ut av skredet

Ei kvinne klarte å berga mannen ho var på tur med ut av snøskredet som gjekk i Kvamskogen i kveld.

ras

SKRED: Ein mann tidleg i 20-åra vart tatt av eit snøskred ved Kvamskogen torsdag kveld. Kvinna som var saman med han på turen klarte å berga han ut. Hjelpemannskap tok seg opp til raset, og fekk frakta begge ned ved hjelp av snøscooter.

Foto: Røde Kors Hordaland

Klokka 17.51 fekk politiet melding om at det var gått eit snøskred ved fjellet «Såta» i nærleiken av Kvamskogen i Hordaland.

Ein mann og ei kvinne tidleg i 20-åra var på skitur i området då raset gjekk.

– Mannen vart teken av raset og har brekt foten. Kvinna fekk varsla om skredet til politiet, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Janne Steimler Sætre.

Fredrik Fossedal i Røde Kors var med i gruppa som kom først til skadestaden.

– Det var eit stor skred, og mannen hadde blitt gravlagt. Kvinna klarte å grava han ut på eige hand.

– Var godt rusta

– Det var nok ei dramatisk oppleving, men dei var rolege og fatta. Dei ville berre komma seg ned frå fjellet sjølvsagt, seier Fossedal.

Begge er no frakta ned frå fjellet, og mannen er køyrd til Haukeland universitetssjukehus for behandling.

Skredet skjedde i ein bratt skråning som blir kalla for «Stueveggen».

Området ligg på vel 800 meter, fortel Fossedal.

– Det verkar som om dei to var godt rusta for å ferdast i fjellet.

Det var åtte personar frå Røde Kors med i redningsaksjonen, i tillegg til ambulansepersonell.

Blei frakta ut

Klokka 19.00 opplyste Redningssentralen at Røde Kors var framme ved skredet. Den skadde blei stabilisert før han vart transporter ut saman med kvinna som ikkje var skada.

Me brukte 40 minutt på å ta oss opp til snøskredet, fortel Morten Laupsa-Borge i Røde Kors.

Morten Laupsa-Borge

PÅ STADEN: Nestkommanderande i Røde Kors hjelpekors, Morten Laupsa-Borge, var med å frakta den skadde ned frå rasområdet torsdag kveld.

Foto: LARS CHRISTIAN WALLACE / NRK

– Raset var om lag 200–400 meter breitt.

Steimler Sætre seier at det kan sjå ut som dei to har gått feil, og kome inn i eit bratt område.

Det blei fort klart at det ikkje var andre personar inne i skredet, ifølge politiet.

Førebudd på fleire ras

– Når det blir utløyst skred er det veldig ofte faregrad tre eller høgare i enkelte område.
Utifrå dei observasjonane me har gjort, så sant det ikkje skjer store endringar, vil faregraden halda seg framover, seier Laupsa-Borge.

Det lovar ikkje godt med tanke på helga, meiner han.

– Me blir ikkje overraska om det kjem fleire skred, og har oppmoda medlemane våre om å ha utstyret pakka og klart, slik at responstida er minst mogleg.

Skred Kvamskogen
Laster Twitter-innhold