Hopp til innhold

Paraglider til Haukeland etter krasjlanding

Éin mann er henta med luftambulanse etter at han krasja i eit tre nedanfor Gullfjellet på Espeland.

Vemånen

VEMÅNEN: Ulukka skjedde på Vemånen som ligg mellom Espeland og Unneland.

Foto: Åge Algerøy / NRK

SISTE: Klokka 21.24 melder AMK at paraglideren er våken og klar, men klagar over ryggsmerter. Det skal vere snakk om lettare skader.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 20.46. Både luftambulanse og klatregruppa til brannvesenet har vore på staden.

– Ulukka skjedde nedanfor Gullfjellet ved Vemånen, som ligg mellom Unneland og Espeland, seier Hilde Anderson ved Hordaland politidistrikt.

– Vitner såg krasjet

Politiet blei varsla av vitner på bakken som såg paraglideren krasje i eit tre ved Vemånen, som er ein populær plass for paragliderar.

– Det var fleire paraglidarar på staden, politiet er der no for å snakka med dei som vart vitne til hendinga, seier Frode Kolltveit ved politiets operasjonssentral.

Med luftambulanse til Haukeland

Like etter klokka 21.00 vart mannen henta med luftambulanse.

– Me veit ikkje kva skader er snakk om, men han var bevisst då helsepersonell kom til staden. Han skal ha klaga over smerter i ryggen, seier Kolltveit.

Laster Twitter-innhold