Hopp til innhold

Mann sikta for drapsforsøk i Odda

Mann i 20-åra innlagd på sjukehus etter å ha blitt angripen med eit «farleg reiskap».

Hardanger lensmannskontor i Odda

ETTERFORSKING: Politiet i Odda etterforskar kva som skjedde forut for valdshandlinga tysdag kveld. Ein mann er sikta for drapsforsøk.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ein mann i 30-åra vart i dag fengsla i fire veker, med isolasjon i dei første to vekene. Fengslingsmøtet gjekk for Hardanger tingrett.

Mannen er sikta for drapsforsøk.

– Dette er ei alvorleg sak. Fornærma er innlagd på sjukehus med alvorlege skader og har blitt operert, seier politiadvokat Cathrine Krohn til NRK.

Den sikta og den fornærma, som er ein mann i 20-åra, kjenner kvarandre frå før.

Innleiande etterforsking

Politiet vil ikkje gi mange detaljar i saka, av omsyn til etterforskinga.

Krohn seier at den sikta skal ha brukt ein farleg reiskap i valdshandlinga, men vil ikkje fortelje kva reiskap som er brukt.

Valden skjedde tysdag kveld. Bergensavisen skreiv tysdag at det dreidde seg om ei knivstikking utanfor ein bustad i Odda.

– Sikta har forklart seg til politiet og har knytt seg til handlinga gjennom si forklaring. Korleis han stiller seg til siktinga vil eg ikkje kommentere, seier Krohn.

Sikrar spor

Politiet jobbar no med sikring av kriminaltekniske og elektroniske spor. Dei ynskjer ikkje å kommentere om det var vitne til valden. Dei jobbar for å avklare kva som har skjedd forut for valden.

Den fornærma har gitt ei forklaring til politiet, men av helsemessige årsaker er det ikkje gjort eit full avhøyr av han, opplyser Krohn.

Advokat Johannes Romstad er oppnemnd som forsvarer for den sikta mannen i 30-åra.

– Eg har ingen kommentarar til dette i dag, seier Romstad til NRK.