Hopp til innhold

Fengsla i fire veker for drapsforsøk

Midt inne på Bybanen stakk mannen ein kniv inn i tinningen på ein anna passasjer. No er han sikta for drapsforsøk.

Knivstikking på Bybanen på Wergeland

STUKKEN I HOVUDET: Mannen i 30-åra blei stukken med kniv i hovudet og vart innlagd på sjukehus med alvorlege skadar. Her får vedkommande hjelp av ein medpassasjer.

Foto: Eivind Pettersen / NRK

– Det er ei svært alvorleg sak, men vi har god oversikt over kva som har skjedd, seier politiadvokat Trond Eide til NRK.

Ein 45 år gammal mann er no sikta for drapsforsøk etter knivstikkinga på Bybanen tysdag ettermiddag.

Ein 33 år gamal mann vart innlagd med alvorlege skader på Haukeland sjukehus. Det var Bergens Tidende som først skreiv om siktinga.

Knivstukken i tinningen

Dramaet utspelte seg på Wergeland tysdag ettermiddag, i ei bybanevogn på veg sørover frå Bergen sentrum. Politiet har i etterforskinga gått gjennom overvakingsbilete frå vogna.

– Det vi ser er at gjerningsmannen stikk den fornærma fleire gonger med kniv, medan fornærma prøver å forsvara seg. Først blir han knivstukken i armen, deretter minst to gonger i venstre tinning, forklarer Eide.

Det eine stikket har gått gjennom kraniet og to centimeter inn i hjernen.

Den 33 år gamle mannen er no utskriven frå Haukeland.

– Etter det vi har fått forklart frå legane på sjukehuset, er det utruleg at dette har gått bra.

Veit ikkje noko om motiv

Den sikta blir framstilt for varetektsfengsling i dag, og politiet kjem til å be om fire veker. Dei har enno ikkje avhøyrt den 45 år gamle mannen, det er difor uklart korleis mannen stiller seg til siktinga.

Det er også uklårt kva som var motivet for knivstikkinga.

– Vi kjenner til gjerningsmannen frå før, han er straffedømd fleire gonger tidlegare. Sist i januar i år, men ikkje så alvorleg som dette her, avsluttar politiadvokat Eide.

Fengsla i fire veker

Torsdag ettermiddag blir det klart at den sikta blir fengsla i fire veker med brev og besøksforbod. Det får NRK bekrefta av advokat Eirik Nåmdal, som forsvarar mannen.

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld etter siktinga. Det blir mest truleg avhøyr med politiet i morgon, seier Nåmdal.

Mannen møtte sjølv i fengslingsmøtet i Bergen tingrett. Forsvararen ynskjer ikkje å gå nærare inn på kva sikta har forklart om knivstikkinga.