NRK Meny
Normal

Mann sendt til sjukehus etter fall frå balkong

Ein mann fall frå ein balkong i Sunde i Kvinnherad medan han fiska.

Politiet vart varsla om hendinga klokka 17.16. Ulukka skal ha skjedd i nærleiken av ein fiskefabrikk ved Sunde kai i Kvinnherad.

– Han har stått og fiska frå ein balkong 3–4 meter frå bakken då han fall ned, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Naudetatar kom rask til staden. Mannen var først medvitslaus, men er no vaken, ifølge politiet.

– Dei har fått kontakt med han, og han er tatt med til Stord sjukehus for kontroll.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.