Hopp til innhold

MANN SAKNA I ÅSANE:

Ein 34 år gamal mann busett i Salhus kom ikkje heim frå arbeid laurdag kveld klokka 20.00 og familien har meldt han sakna. Han er 183 cm høg, slank kroppsbygning, delvis glattbarbert på hovudet, brukar briller og snakkar austlandsdialekt. Sist sett kledd med beige shorts og t-skjorte og mørke joggesko. Politiet si etterlysing er sendt ut i samråd med familien. Dei som har tips kan kontakta politiet på telefon 02800.