Hopp til innhold

Mann prøvde overfalle kvinne

I det ei kvinne i 20-åra skulle låse seg inn i leilegheita si i Bergen i natt, tok ein ukjend mann tak i henne. – Kva som var motivet hans er ukjent. Kvinna kom seg inn i leilegheita, men opplevde dette som skremmande, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen. Politiet har sikra eit avhøyr med mistenkte, og jobbar vidare med saka onsdag.