Hopp til innhold

Slått til blods av nabo – mann hamna på sjukehus

Politiet hadde nok å gjera den første natta i påskehøgtida. Fem menn hamna på glattcelle i Bergen. – Ikkje tilfeldig at det er rus i alle tilfella.

Politibiler utenfor Ricks

VALD OG TRUGSLAR: Ein person kom med trugslar og opptredde aggressivt mot utelivsgjestar i Christian Michelsens gate i Bergen natt til langfredag.

Foto: Bergen foto og media

Politiet i Vest politidistrikt fekk det tidvis travelt natt til langfredag.

Slagsmål, nabokrangel, angrep på politimenn og trugslar på byen var toneangivande for det som markerte utelivet sin inngang til påskehøgtida.

– Det er slett ikkje uvanleg at fleire ender opp i arresten på dagar i påsken. Det er rus i alle tilfella. Klart det ikkje er tilfeldig, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Son gjekk til angrep på faren

Det første oppdraget fekk politiet i Nikolaikirkealmenningen i Bergen sentrum. Klokka 22.40 blei ein mann i 20-åra sett i drukkenskapsarresten for ordensforstyrringar. Mannen nekta å følgja politiet sine instruksar.

– Han tok ikkje teikninga då han blei beden om å fjerna seg. Mannen skal i avhøyr i dag og får eit førelegg, seier Magnussen.

Halvannan time seinare fekk politiet ei oppringing frå ein mann på Haus på Osterøy. Sonen var full og utagerande og hadde gått til angrep på faren.

– Sonen skal ha slått faren fleire gongar. Han hadde endevendt huset, knust bakruta på ein bil og tømt eit pulverapparat inne i bilen til faren då patruljen kom fram. Han var godt rusa, fortel operasjonsleiaren.

Mannen, som er fødd tidleg på 1990-talet, vart køyrd i drukkenskapsarresten. Han skal i avhøyr fredag.

Lagt i jarn på gata

Klokka 00.12 gjekk ein utelivsgjest til angrep på ein politibetjent.

– Mannen forulempa ein offentleg tenestemann og ville ikkje oppføra seg. Han er meldt til politiet og blir teken til avhøyr i dag.

Mannen, som er fødd i 1996, kan òg venta seg eit saftig førelegg.

Nesten to timar seinare, klokka 02.03, fekk politiet melding om ein aggressiv utelivsgjest i Christian Michelsens gate. Mannen i midten av 30-åra skal ha truga fleire personar utanfor utestaden Ricks.

– Mannen var veldig hissig og sette fram trugslar. Han blei lagt i jarn av patruljen på staden.

Sendt til sjukehus etter krangel med nabo

Like før klokka 3 i natt kom det ei ny melding frå Osterøy. Ein mann ringde og sa han var blitt slått til blods av ein nabo.

– Mannen hadde store kutt i hovudet og i panna. Han hevda at han var blitt slått medvitslaus. Det skal ha vore ei usemje mellom to naboar som enda med slåsting, seier Magnussen.

Offeret blei først sendt til Bergen legevakt, før han blei sendt vidare til Haukeland universitetssjukehus for observasjon. Han ligg framleis på sjukehuset.

Dei to mennene er truleg i 50-åra.

– Den mistenkte sit i arresten og skal i avhøyr. Det er uklart om begge hadde drukke, men den mistenkte var rusa.