Hopp til innhold

Mann overfalt av tre menn

– Den fornærma vart lagt ned i bakken og fråteken ein mobiltelefon, fortel operasjonsleiar.

Nyhaugveien

Klokka 23.35 fekk politiet telefon frå ein mann som fortalde dei at han hadde blitt forsøkt rana ved Nyhaugsvegen på Wergeland.

– Mannen hadde blitt lagt ned i bakken og fråteken ein mobiltelefon, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit, til Hordaland politidistrikt.

Fornærma vart ikkje skadd.

Tre personar involvert

Det skal ha vore tre personar involvert i overfallet og ein av dei var mest aktiv.

– Denne mannen kan beskrivast som mellom 25–30 år, mørkhuda, rundt 180 centimeter høg og slank. Han hadde på seg ein jakke med hette og bar eit skjerf rundt hovudet, seier Kolltveit.

– Mannen skal ha det bra, og trengde ikkje noko meir oppfølging av politiet etter hendinga, seier Kolltveit.

Etterforskar saka

– Vi søkte litt i området, men kom ikkje over noko. Så langt har vi ikkje sett noko til dei, men vi etterforskar saka, seier Kolltveit.

Overfallet vil bli politimeldt.

Laster Twitter-innhold