NRK Meny
Normal

Mann omkom i dødsulukke på E39 i natt

Ein mann omkom, og ein annan mann er send til Haukeland sjukehus med skadar etter ei ulukke på E39 på Romarheim natt til måndag. Vegen vart opna like over klokka åtte.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå video frå ulykkesstaden på E39.

E39 var lenge stengd ved avkøyringa til fylkesveg 569 i Romarheimsdalen etter ei dødsulukke natt til måndag. Politiet stadfestar no at ein mann omkom i ulukka.

Litt over klokka 08.00 melder Statens vegvesen at vegen er opna.

Av omsyn til pårørande ønskjer politiet ikkje å seie noko meir om den omkomne mannen enno.

Hjort

USIKKER ÅRSAK: Ein veit førebels ikkje årsaka til ulukka, men politiet stadfestar at i tillegg til dei to involverte bilane og den omkomne, så var det også ein daud hjort i området.

Foto: Eivind Pettersen / NRK

Fekk melding i natt

To bilar var involvert i ulukka. Politiet fekk melding Klokka 0230 om at det hadde vore ei trafikkulukke på E39 på Romarheim, hovudvegen mellom Bergen og Sogn og Fjordane.

–Den eine stod i vegbana, den andre låg utanfor. Det var forbipasserande som melde frå dette til oss. Politi og ambulanse blei send til staden, og vi fekk etter kvart stadfesta at den eine personen som var involvert i ulukka var omkomen, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK.

Ulukkesgruppa på staden

Magnussen opplyser at politiet gjer undersøkingar på staden no i morgontimane.

– Statens vegvesen si ulukkesgruppe er også på staden no og jobbar. Vi ønskjer ikkje å seie noko om den omkomne personen. Vi jobbar opp imot varsling av pårørande, seier operasjonsleiaren ved Hordaland politidistrikt.

Fann daud hjort ved bilane

Ein veit førebels ikkje årsaka til ulukka, men politiet stadfestar at i tillegg til dei to involverte bilane og den omkomne, så var det også ein daud hjort i området.

– Hjorten låg om lag 50 meter frå bilane, men vi veit førebels ikkje om hjorten kan ha vore ein medverkande årsak til ulukka, seier Magnussen.

Laster kart, vennligst vent...

DØDSULUKKE: E39 er stengd etter ei ulukke natt til i dag.

Siste video

Transportselskapet Skyss forsøker seg på verdsrekord - for å setje fokus på refleksbruk.