NRK Meny
Normal

Mann omkom etter badeulukke på Fitjar

Ein mann i 40-åra omkom i natt etter ei badeulukke i båthamna på Fitjar.

omkom

OMKOM I NATT: Ein mann i 40-åra omkom i natt etter ei badeulukke i båthamna på Fitjar. Politiet har endå ikkje komme i kontakt med dei pårørande i Polen. Det er sendt ut varsling via Kripos til polske myndigheiter.

Foto: Håkon C. Hartvedt / Fitjarposten

Ein polsk statsborgar i 40-åra omkom i natt etter ei badeulukke i båthamna på Fitjar.

– Mannen er ein polsk gjestearbeidar som har vore ute og bada saman med venner, fortel operasjonsleiar Jarle Utne Reitan ved Haugaland politidistrikt.

Politiet er usikre på omstenda rundt drukningsulukka.

– Dei som var ute i vatnet mista oversikta over kven som var på land og kven som var i vatnet. Då me fekk henta opp mannen hadde han vore under vatn i om lag 30 minutt.

Politiet fekk melding om ulukka 23.47.

Fekk fyrstehjelp på staden

– Mannen fekk livreddande fyrstehjelp på staden. Han blei så sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus, men livet stod ikkje til å berge, seier Reitan.

Den polske statsborgarane blei erklært død 01.15.

Politiet har endå ikkje komme i kontakt med dei pårørande i Polen. Det er sendt ut varsling via Kripos til polske myndigheiter.

Siste video

15. januar 2018 fyller Fløibanen i Bergen 100 år.
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Sykehjemmet Luranetunet i Os kommune arrangerte malerkurs for de eldre.