Nektar straffskuld for overfallsvoldtekt

Politiet ba no om fire veker i varetekt for den rumenske mannen i 30-åra som er sikta for overfallsvaldtekt på Nygårdshøyden.

Nygårdshøyden

NYGÅRDSHØYDEN: Mannen er sikta for å ha voldtatt ei kvinne i ein gangtunnel på Nygårdshøyden i Bergen sentrum

Foto: NRK

Ein polititenestemann i Bergen skal ha kjent att mannen på overvåkingsbilete og ut frå vitneskildringa. Han blei så etterlyst internt i politiet over heile landet.

Politiadvokat Asbjørn Onarheim

Politiadvokat Asbjørn Onarheim.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Den rumenske mannen i 30-åra blei pågripen i Oslo natt til søndag og sikta for overfallsvoldtekten på Nygårdshøyden natt til 16. juli i år.

Mannen blei i dag varetektsfengsla i fire veker.

– Fengslingsgrunnlaget er unndragelsesfare, altså at me fryktar vedkommande skal rømme, seier politiadvokat Asbjørn Onarheim.

Framstilt for varetektsfengsling i dag

Den sikta tok betenkningstid på varetektsfengslinga. Han vedkjenner ikkje straffskuld, seier mannens forsvarar Amir Hossein Mirmotahari.

Forsvarer Amir Mirmotahari

– NEKTAR STRAFFSKULD: Mannens forsvarar Amir Hossein Mirmotahari seier klienten ikkje erkjenner straffskuld.

Foto: Kjetil Grode Flekkøy / NRK

– Eg har hatt ein samtale med han i dag om saka. Han erkjenner ikkje straffskuld for det han er sikta for.

– Av det eg har fått opplyst er det ingen tekniske bevis som knyter han til saka. Det er fornærma sin forklaring ut frå klesplagga til denne gjerningspersonen, som gjer at politiet mistenker at det kan vere den sikta. Men det er for tidleg i sake til å stadfeste eller avkrefte om ein har rett person, seier Mirmotahari.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.