Hopp til innhold

Kritisk for mann etter helikopterkrasj: – Han pusta ikkje og mangla puls

Mannskap på redningsskøyta «Bjarne Kyrkjebø» blei vitne til at helikopteret styrta i Byfjorden. Minuttar seinare starta dei livredning.

Helikopterstyrt i Bergen

ALVORLEG: Ein mann er innlagd på sjukehus med kritiske skader etter helikopterstyrten i Bergen onsdag kveld. Då redningsmannskap kom fram låg ein av dei tre personane medvitslaus over den gule flottøren.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ein mann er kritisk skadd og to lettare skadd etter helikopterstyrten i Byfjorden i Bergen seint onsdag kveld.

Den kritisk skadde mannen blei først rekna som alvorleg skada av Helse Bergen, men dette blei endra torsdag føremiddag.

Frivillige på redningsskøyta «Bjarne Kyrkjebø» var blant dei mange vitna til den dramatiske styrten, som truleg skjedde i det helikopteret var i ferd med å landa på luksusyachten «Bacarella».

– Flaks kan ha vore avgjerande

Til NRK kan politiet og Redningsselskapet fortelja at flaks gjorde at redningsfolk kunne koma til på berre få minutt. Operativ leiar i Sjøredningskorpset stadfestar at mannskapet om bord redningsskøyta kan ha redda liv i går kveld.

Helikopter heves etter styrten i Bergen

STYRTA I FJORDEN: Det britiskregistrert helikopteret av typen AS350 var på veg frå Flesland og skulle truleg landa på ein luksusyacht då helikopteret styrta i fjorden.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Mannskapet var i ferd med å avslutta eit slepeoppdrag etter at ein båt fekk motorstans i Herdlafjorden. Det var eit reint hell at båten skulle slepast til Sandviken, seier operativ leiar i Sjøredningskorpset i Bergen, Simon Ravn.

Frå ein avstand på 800–900 meter blei dei tre mannskapa om bord vitne til at helikopteret gjekk rundt og styrta i fjorden like ved luksusbåten.

– Mannskapet kutta taua til havaristen og køyrde ut. Det er utruleg heldig at båten var så nærme. Det kan ha vore avgjerande, seier Ravn til NRK.

Låg livlaus over flottøren

Mannskapet sende ut mayday-melding på VHF-radioen og gav full gass til skadestaden, omtrent midt på Byfjorden, utanfor Elsesro i Sandviken.

I det dei kom fram var to personar i ferd med å kara seg opp på ein av dei gule flottørane. Etter kvart observerte mannskapet den tredje, som låg livlaus over den gule flottøren.

– Dei to såg tilsynelatande fysisk uskadde ut og hadde hjelpt den tredje personen opp. Han mista medvitet i det mannskapet kom fram. Han var utan puls og pusta ikkje, fortel Ravn.

Simon Ravn ved luksusbåten Bacarella

LIVSVIKTIG: Operativ leiar i Bergen sjøredningskorps Simon Ravn framfor luksusbåten Bacarella, som helikopteret var i ferd med å landa på då det styrta i Byfjorden. – Mannskapet har truleg redda liv.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Dei tre om bord på redningsskøyta plasserte dei to medvitne i styrehuset medan dei starta hjarte- og lungeredning på mannen på dekk. Samstundes avtala dei med AMK-sentralen å møta ambulanse ved Skoltegrunnskaien.

– Mannskapet var såpass raskt framme at dei låg ei stund før ambulansen kom fram. I det redningsskøyta kom til land kom tilsette ved ein supplybåt springane med ein hjartestartar. Alt skjedde så fort, fortel den operative leiaren, som seint i natt deltok i ein debrifing med mannskap om bord «Bjarne Kyrkjebø» og «Kristian Gerhard Jebsen II», som seinare kom til i aksjonen.

Blir fylgt opp i dag

Redningsskøyten Bjarne Kyrkjebø

RASKT FRAMME: Redningsskøyta «Bjarne Kyrkjebø» var først framme ved ulukkesstaden. Bilete er teke i ein annan samanheng.

Foto: Redningsselskapet v/Bergen Sjøredningskorps

Basert på informasjon frå dei vakthavande på redningsskøyta anslår Simon Ravn at dei føretok hjarte- og lungeredning i fem minutt før ambulansepersonell tok over og frakta dei involverte til Haukeland universitetssjukehus.

– Tidsomgrepet var omtrent fråverande då dette gjekk føre seg. Dei har gjort ein formidabel jobb med å frakta dei skadde opp av sjøen og trygt inn på land.

Mannskapet som deltok i redningsaksjonen vil i dag få oppfølging av bedriftshelsetenesta og leiinga i Sjøredningskorpset.

Espen Johan Hole

PREGA: – Dette er jo ikkje nokon daglegdags oppleving for oss på ei redningsskøyte heller. Det er klart folk er prega av ei slik hending, seier skipper Espen Johan Hole.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Det er klart folk er prega

Skipperen på redningsskøyta «Bjarne Kyrkjebø», som kom først til staden, Espen Johan Hole, fortel at dei var i ferd med å avslutte eit slepeoppdrag ikkje langt unna då helikopteret styrta.

– Vi høyrde smellet, og så flottørane på eit helikopter som låg opp ned. Då tenkte eg at vi måtte kome oss raskast mogeleg bort der for å gjere det vi er trent til å gjere, fortel han.

Redningsskøyta var på plass etter to minutt, fekk tatt dei tre personane om bord, varsla Hovedredningssentralen, og gjekk inn til land ved Skoltegrunnskaien i Bergen.

– To av mannskapa mine starta hjarte- og lungeredning, fortel Hole.

Han seier dei fekk god oppfølging av Redningsselskapet etter hendinga onsdag kveld, og at dei også har snakka seg gjennom opplevinga under ei samling torsdag.

– Dette er jo ikkje nokon daglegdags oppleving for oss på ei redningsskøyte heller. Det er klart folk er prega av ei slik hending, seier Hole.