Hopp til innhold

Mann hardt skadd etter fleire knivstikk

Ein mann i 20-åra er arrestert og sikta for å stukke ein anna mann fleire gongar med kniv. Fornærma ligg hardt skadd på sjukehus.

Det skriv avisa Strilen tysdag.

Politiet i Nordhordland fekk melding om knivstikkinga like etter klokka 21.30 måndag kveld. Knivstikkinga skal ha skjedd inne i ein leilegheit i Knarvik sentrum.

– Ein mann i 30-åra var knivstukken fleire gonger i kroppen. Litt seinare arresterte vi ein mann i 20-åra i Knarvik sentrum, fortel lensmann Kjell Idar Vangberg til NRK.

Hardt skadd

Ifølge Strilen ligg fornærma hardt skadd på Haukeland sjukehus. Begge dei involverte er av utanlandsk opphav.

– Vi har den pågripne i arresten no. Han er sikta for lekamsskading med kniv og vi reknar med å framstille han for fengsling i løpet av morgondagen, seier lensmannen.

Han vil ikkje gje fleire opplysningar om saka ettersom den er under etterforsking, men bekreftar at dei to involverte er kjent med kvarandre frå før av. Politiet håpar å få avhøyr av begge to i løpet av dagen.